HISTORISK: Med sine to scoringar mot Kolbotn er Elise Thorsnes frå Leikanger historisk i norsk fotball. Ho er no den mestscorande spelaren på kvinnesida. 
HISTORISK: Med sine to scoringar mot Kolbotn er Elise Thorsnes frå Leikanger historisk i norsk fotball. Ho er no den mestscorande spelaren på kvinnesida. 

Sjå måla som gjer Elise Thorsnes historisk

Med sine to scoringar mot Kolbotn er Elise Thorsnes (28) no den mestscorande spelaren i Noreg.

Leikanger: Ved sesongstart delte 28-åringen trona med Marianne Pettersen. Då stod begge på 149 scoringar. Etter helgas 5-1-siger mot Kolbotn er Thorsnes no toppscorar-dronninga i norsk kvinnefotball.

Scoringane, som kom i det 59. og 79. minuttet, sørger for at Thorsnes står med 151 nettkjenningar på Noregs høgste nivå. Sjølv var ho ikkje klar over det før Dagbladet spurte ho om det før sesongstart.

Sjå scoringane som gjer Thorsnes historisk i videovindauget øvst i artikkelen.

– Heilt ærleg, så er det ikkje noko eg har tenkt på. Eg visste faktisk ikkje om det før me hadde ein kick-off før sesongstart. Det er ikkje noko eg har hatt som mål, men no når eg har gjort det, er det sjølvsagt stas. Eg er jo historisk, og eg blir jo meir og meir hsitorisk for kvart mål ein scorar, seier ho til Porten.no.

Likar best å scora mål som betyr noko

Thorsnes har fått ein fin start på sesongen med sitt Avaldsnes, som toppar tabellen saman med Stabæk etter to rundar. Mot Kolbotn starta det dårleg med mål imot tidleg i kampen. Utlikninga var det Thorsnes sjølv som stod for i det 59. minuttet då ho plasserte ballen i mål etter eit godt gjennomspel frå Cecilie Pedersen.

– Det er eigentleg to ganske like mål. Cecilie er tilbake frå skade, og eg og ho har ein bra connection, der me forstår kvarandre. Eg skal ikkje seie at måla var ferdigscora, men det var to flotte gjennomspel, seier Thorsnes, som elskar å score slike mål.

– Eg likar best å score måla der me vinn 1-0 eller 2-1. Det er kjekt å scora to i ein slik kamp også, men det kjekkaste er å score utlikningsmålet. Det er dei scoringane som tel og er avgjerande i kampane, seier ho og er samstundes klar på at eit langskot i krysset kanskje er det deiligaste uansett.

Vil halde på rekorden

Med 151 scoringar i ein alder av 28 år kan Thorsnes no verkeleg setja standarden for norsk kvinnefotball. Dei næraste på lista har anten lagt opp eller er godt opp i 30-åra. Unntaket er Isabell Herlovsen, men ho spelar no i Kina.

– Målet er å halde ho på avstand, og sidan ho spelar i Kina kjem ho ikkje til å ta innpå denne sesongen. Det er noko eg må tenkja på når eg skal velja klubb i framtida. Når ein først har rekorden, vil ein helst ha han for alltid.

Til toppen