Sjå monteringa av den unike brua

Sjå monteringa av den unike brua

Førre veka vart Store Sokni bru montert. Her kan du sjå ein video av arbeidet.

Galdane: Arbeidet av den heilt unike brua på Kongevegen tok fire dagar. Det unike med den ni meter lange brua er at ho vert sett opp etter Christopher Hammers veginstruks anno 1794 – med mest mogleg autentiske materiale og metodar.

Boltar og spikar er handsmidde på smedlinja på handverksskulen Hjerleid på Dovre, medan Arne og Kjell Stende i Alle Gode Ting Er Tre har stått for snikkararbeidet.

Les også: Her kjem ei unik bru på plass

Brua blir full av historiske detaljar og litt eit skue under den vakre Soknefossen. Etter kvart skal brua få namn, årstal og Kongevegsymbolet hogd inn i fire endestolpar.

Frå Slottet er det gjeve godkjenning av at Kong Harald sitt monogram kan pryde brua, som også skal få sitt eige nummer i det norske bruregisteret.

– Me er stolte over å ha fått denne jobben, sa Kjell Stende då Porten.no snakka med han førre veke.

Til toppen