KVITVASKAR PRIVATISERING: Valfridom er eit sentralt omgrep i Erna Solbergs Høgre. Kva betyr det? Jo, privatisering. Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix
KVITVASKAR PRIVATISERING: Valfridom er eit sentralt omgrep i Erna Solbergs Høgre. Kva betyr det? Jo, privatisering. Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix (Foto: Arkiv)

Sjå opp for spinn

Gjennom valkampen har vi vege for og imot argumenta til dei ulike partia – og tatt eit val basert på eigne, velfunderte vurderingar. Eller har vi eigentleg det?

Vi likar å tru at vi følgjer med i den offentlege debatten. Men sjølv om vi får med oss kva som blir sagt, er det vel så viktig korleis noko blir sagt og kva for ord som blir brukt. Auka «skattetrykk» gir til dømes dårlege assosiasjonar, medan ein lett kan sjå gode grunner til å støtte opp om ei meir «rettferdig fordeling av goda».

Dette fenomenet – at ord og uttrykk blir brukte for å manipulere oss – blir kalla innramming.

– Ord har ei eiga evne til å snike seg forbi den kritiske sansen vår og legge umerkelege føringar på kva vi seinare meiner, seier forfattar Wegard Harsvik, som saman med Sara Gunnerud er aktuell med boka «Ord er makt».

Artikkelen held fram under biletet

MÅNELANDING: Då Jens Stoltenberg annonsert at Noreg skulle gjere ei «månelanding», verka det betrakteleg meir spanande enn å bruke milliardbeløp på å utvikle eit reinseanlegg for CO2-utslepp som kanskje, eller kanskje ikkje, kom til å fungere.
MÅNELANDING: Då Jens Stoltenberg annonsert at Noreg skulle gjere ei «månelanding», verka det betrakteleg meir spanande enn å bruke milliardbeløp på å utvikle eit reinseanlegg for CO2-utslepp som kanskje, eller kanskje ikkje, kom til å fungere.

Fridom fungerer

I boka tar forfattarane opp korleis spesielt høgresida i Noreg og Sverige dei seinare åra har vore flinke til å bruke språket for å fremme politiske agendaer. Fenomenet er derimot verken nytt eller knytt til politiske fløyer. Allereie i antikken i Hellas stod retorikkunst på dagsordenen. Men i nyare tid har reklameskaparar og politiske rådgjevarar («spinndoktorar») gjort innramming til ein tilnærma vitskap.

Omgrepet «arbeidslaus» er blitt til «arbeidsledig» eller «arbeidssøkjande». «Valfridom» blir brukt i staden for «privatisering». Det blir kalla ei «oppmjuking», ikkje «dårlegare jobbtryggleik», når det i samband med ny arbeidsmiljølov blir foreslått færre avgrensingar på mellombelse tilsetjingar. Privatskular blir kalla friskular. Djupt religiøse personar kan få merkelappen «mørkemenn».

– Ingenting ved slike ordval er tilfeldig. Høyrest ikkje for eksempel «oppmyking» fint ut? Innramming gjer at ein eventuell meiningsmotstandar tapar debatten nærmast berre ved å ta omsyn til uttrykket. Er ein til dømes imot oppmjuking, verkar ein jo ufølsam – nesten litt brutal, seier Harsvik.

Artikkelen held fram under biletet

REDNINGSMANNEN RØKKE: Milliardæren Kjell Inge Røkke gjer ikkje oppkjøp av bedrifter for å auke den personlege inntekta si, han «skaper arbeidsplassar».
REDNINGSMANNEN RØKKE: Milliardæren Kjell Inge Røkke gjer ikkje oppkjøp av bedrifter for å auke den personlege inntekta si, han «skaper arbeidsplassar».

Påverkar hjernen

At ein kan påverke oppfatninga vår av verkelegheita med så tilsynelatande enkle verkemiddel, kjem av ganske enkelt måten hjernane våre er skrudd saman på.

– Eit ord eller uttrykk trigger andre omgrep og minner, som igjen leier rett til eit djupare rammeverk der verdiar, kultur og livssyn held hus. Innramming bryt altså tvers gjennom intellektet og treffer følelsane, forklarer medforfattar Sara Gunnerud.
Ofte blir slike konstruerte omgrep ståande som ein del av det fellesvokabularet vårt utan at vi ein gong reflekterer over det.

– Arbeidstakar og arbeidsgivar er eit godt døme. Den tilsette «tar» arbeidet, medan den som tilset nokon, «gir» arbeid. Sistnemnde står fram som altruistisk og gåvmild, medan han som liksom tar dette arbeidet skal vere takknemleg. Men objektivt sett kan ein like gjerne snu det på hovudet og seie at den som utfører jobben, gir av arbeider sitt (er arbeidsgivar), medan han som drar nytte av arbeidsinnsatsen, er arbeidsmottakar, forklarer Gunnerud.

Spinndoktor-skapt

Kven konkret som sit og klekker ut slike pluss- og minusord, er ikkje lett å få auge på. Men fenomenet er ofte knytt til USA på 1970- og 80-talet. Spesielt president Ronald Reagan skal ha brukt innramming systematisk og bevisst i den politiske karrieren sin, i tett samarbeid med profesjonelle rådgjevarar. Gjennom personlege anekdotar og bevisst ordbruk stod Reagan fram som avvæpnande hyggeleg, og fekk all statleg samfunnsinnblanding til å verke som overgrep mot enkeltmennesket. Det er hevda at taktikken førte til at demokrater som elles aldri ville røysta republikansk, bidrog til eit tilnærma historisk valskred i 1981.

Artikkelen held fram under biletet

REAGANS RETORIKK: Ronald Reagan omtalte Sovjetunionen som «det vonde imperiet», inspirert av den populære filmen «Star Wars». Her då Reagen møtte Mikhail Gorbatsjov på Island i 1986.
REAGANS RETORIKK: Ronald Reagan omtalte Sovjetunionen som «det vonde imperiet», inspirert av den populære filmen «Star Wars». Her då Reagen møtte Mikhail Gorbatsjov på Island i 1986.

– Det er med framveksten av industrien knytt til politisk rådgivning – omfanget av såkalte «spinndoktorar» – at fenomenet tok av. I Noreg har vi opplevd dette spesielt det siste tiåret, seier Gisle Andersen, professor og nyordsforskar ved Norges Handelshøyskole.

Sjølv om Wegard Harsvik gjennom «Ord er makt» ønsker å åtvare om krafta som ligg i innramming, har han sjølv direkte erfaring med slik språkmanipulering gjennom den tidlegare jobben som statssekretær i Utdanningsdepartementet.

– Ja, eg har faktisk sjølv drive med innramming. Vi følte at omgrepet «enhetsskolen» gav litt dårlege assosiasjonar, som om det handlar om å kaste folk oppi ei utdanningskvern. Vi fann fram til ordet «fellesskulen», som vi meinte var ei meir dekkjande skildring av den skulen vi ønskte, innrømmer Harsvik.

Kvitvasking og skitkasting

Omgrepet innramming blir også kalla verdistyrt nyordsdanning eller termdanning. Gisle Andersen opererer med to underkategoriar: leksikalsk kvitvasking og det motsette – leksikalsk skitkasting. Førstnemnde handlar om å vri eit negativt lada omgrep til noko positivt.

– Å kalle privatisering «auka fridom» er eitt døme. Medan skitkasting kan illustrerast godt med desse «monstermastene» som skulle plasserast i Hardangerfjorden, som jo ikkje er anna enn heilt vanlege høgspentleidningar, seier Andersen.

Artikkelen held fram under biletet

HAGENS ARK: Tidlegare leiar i Framstegspartiet Carl I. Hagen omtalte NRK som ARK ei rekkje gonger – noko som skulle indikere at statskanalen i realiteten blei styrt av Arbeidarpartiet. Her frå NRK-debatt med Thorbjørn Jagland i 1990. Terje Svabø var programleiar.
HAGENS ARK: Tidlegare leiar i Framstegspartiet Carl I. Hagen omtalte NRK som ARK ei rekkje gonger – noko som skulle indikere at statskanalen i realiteten blei styrt av Arbeidarpartiet. Her frå NRK-debatt med Thorbjørn Jagland i 1990. Terje Svabø var programleiar.

Han meiner blant andre politiske journalistar bør ta større ansvar for å avdekkje denne typen ordmanipulering, noko forfattarane av «Ord er makt» er samde i. Dei etterlyser også meir medvett generelt.

– Eit enkelt tips for å avsløre innramming er om noko anten er umogleg å støtte eller å vere motstandar av. Ingen vil vere for ein «flaum av flyktningar» eller å gi «skattesjokk», like lite som nokon vil vere imot «valfridom» eller «fleksible løysingar», seier forfattarane.

(©NPK)

Til toppen