ÅRDAL: Riksarkivet har lagt ut teikningane til kommunevåpena på Digitalarkivet.no.​ Slik var originalteikninga til Årdal kommunevåpen. Foto: Digitalarkivet.
ÅRDAL: Riksarkivet har lagt ut teikningane til kommunevåpena på Digitalarkivet.no.​ Slik var originalteikninga til Årdal kommunevåpen. Foto: Digitalarkivet.

Sjå originalteikningane til kommunevåpena

No kan du sjå originalteikningane til kommunevåpenet til din kommune. 

Indre Sogn: Riksarkivet har lagt ut teikningane til kommunevåpena på Digitalarkivet.no.​

Riksarkivet er sakkunnig organ for kommunar og Kommunaldepartementet i saker om kommunevåpen. Denne rolla har gjeve Riksarkivet ein del saker å handsama om våpen, teikn og segl.

No har dei lagt ut originalteikningane på Digitalarkivet. Nokre kommunar manglar, og det er fordi det ikkje har vore noko sakshandsaming i Riksarkivet om våpenet som har vore naudsynt å arkivera. (©NPK)

Til toppen