FÅR TUNNEL: Ein tunnel forbi den rasutsette vegen i Ljåteli over Øvre Årdal blir ein realitet. Foto: arkiv.
FÅR TUNNEL: Ein tunnel forbi den rasutsette vegen i Ljåteli over Øvre Årdal blir ein realitet. Foto: arkiv.

Sjå oversikta: To tunnelar i Årdal stikk av med ein sjettedel av vegpotten til fylket

Fylkeskommunen skal dela ut 3,5 milliardar til vegprosjekt dei neste fire åra. Sjekk kven som får pengar i Sogn og når dei kjem i vår oversikt.

Årdal: Fylkestinget har vedteke ein regional transportplan for dei komande fire åra. Sjekk lista nedst i saka for ei oversikt over kven som har fått millionstøtte her i vårt område.

Det største prosjektet på investeringsprogrammet er ei bru til 770 millionar ved Ytre Steinsund i Solund. Brua er ein del av satsinga på kystvegen, som etter planen skal koma mellom Ålesund og Bergen.

Neste på lista er skredsikring av Flovegen i Stryn, inkludert bygging av ein 3860 meter lang tunnel, til ein samla sum av 494 millionar. Pallplassen tek Førdepakken, som stikk av med 433 millionar fylkeskommunale kroner.

NY DRAKT: Seimsdalstunnelen skal oppgraderast for 290 millionar kroner. Foto: Statens vegvesen.
NY DRAKT: Seimsdalstunnelen skal oppgraderast for 290 millionar kroner. Foto: Statens vegvesen.

Deretter kjem altså dei to tunnelane i Årdal, ein ny og ein oppgradert, som til saman får 561 millionar kroner dei neste fire åra.

Til saman er det rundt tjuefem større og mindre prosjekt som har kome på lista i denne runden, i alt 3,5 milliardar i investeringar. Sjekk heile lista her. Rundt ein milliard blir finansiert med lån, 860 millionar ved hjelp av statlege tilskot, medan 650 millionar blir henta frå fond. 

Her du sjå alle prosjekta i Sogn som fekk tilskot i den nyleg vedtekne regionale transportplanen og når pengane kjem:

Ny tunnel ved Jåteli i Årdal (290 millionar)

Når: Fylkeskommunen har løyvd 10 millionar i 2019, 130 millionar i 2020 og 150 millionar i 2021.

Kva: Ein 780 meter lang tunnel ved Jåteli forbi den mest skredutsette strekninga på fylkesvegen mellom Øvre Årdal og Holsbru. Tunnelen skal etter planen koma i området mellom avkøyrsla til gamlevegen og rasoverbygget på den eksisterande vegen.

Oppgradering av Seimsdalstunnelen i Årdal (271 millionar)

Når: Fylkeskommunen har løyvd 5,1 millionar i 2019, 142,8 millionar i 2020 og 123,4 millionar i 2021.

Kva: Den 1500 meter lange tunnelen mellom Årdalstangen og Seimsdalen er låg, smal og dårleg tilpassa mjuke trafikkantar. Planen er å utvida tunnelen, inkludert ein to meter brei gang- og sykkelveg. Arbeidet med reguleringsplan vert no sett i gang.

Bru over Esefjorden i Balestrand (100 millionar)

Når: Fylkeskommunen har løyvd 100 millionar i 2021

Kva: Dette er eit skredsikringsprosjekt og omfattar bygging av bru over Esefjorden i Balestrand kommune.

VERT SIKRA: Den populære turistvegen i Galdane i Lærdal er utsett for ras. No skal to kilometer av han bli reinska og sikra. Foto: Jan Christian Jerving.
VERT SIKRA: Den populære turistvegen i Galdane i Lærdal er utsett for ras. No skal to kilometer av han bli reinska og sikra. Foto: Jan Christian Jerving.

Ny brøytestasjon i Årdal (4,7 millionar)

Når: 2018

Kva: Det skal byggjast ein ny brøytestasjon på Holsbru på fylkesvegen mellom Årdal og Tyin. Prosjektet vert lyst ut og gjennomført i 2018.

Skredsikring i Aurland (3,1 millionar)

Når: 2018

Kva: Det er planlagt å setja opp eit fanggjerde på fylkesveg 50 ved Vassbygdivatnet i Aurland.

Skredsikring i Lærdal (3,1 millionar)

Når: 2018

Kva: Det er planlagt å reinska og sikra ei vegstrekke på to kilometer på fylkesveg 60 ved Galdane i Borgund.

Til toppen