Den særs viktige 2-0-sigeren mot nordmøringane gav Sogndal ei luke på fire poeng ned til nettopp Kristiansund på kvallikplass. Med tap i sekspoengerskampen hadde nedrykksspøkjelset kome vesentleg nærare.
Les også: Nwakali med kanonkule då Sogndal tok tre viktige poeng
Men Sogndal vann fortent heime; i første omgang sytte Gilbert Koomson for leiing på straffe etter at Victor Grodås på meisterleg vis dempa eit langt oppspel klinisk så han hadde vore åleine med Kristiansundkeeperen - hadde det ikkje vore for at han vart dregen ned av ein av forsvararane.
I andre omgang kom kampens høgdepunkt då same Koomson skyvde eit frispark frå borti 30 meter nokre meter til sides så vinkelen vart betre for Nwakali. Nigerianaren varta opp med eit blytungt skot som kristiansundkeeper Sean McDermott fekk fingrane på, men heller ikkje meir.
Sjå måla og dei andre høgdepunkta frå kampen her: