Bodø: I målkalaset på Aspmyra stadion måndag kveld der Bodø/Glimt knuste Elverum 5-0 scora kaupingen Kristian Fardal Opseth det fjerde målet.
Fardal Opseth kom inn vel eit kvarter ut i 2. omgang for Kachi. Då leia bodøveringane 3-0 etter scoringar av nemnde Kachi og to av Trond Olsen.
Eit kvarter før slutt auka Fardal Opseth til 4-0 før Nemanja Mladenovic, som også hadde kome inn frå benken, fastsette sluttresultatet til 5-0 to minuttar seinare.
Fardal Opseth er toppscorar i OBOS-ligaen med tre mål, ein tittel han deler med lagkamerat Trond Olsen og Niels Vorthoren på Start. Bodø/Glimt ligg på 2. plass på tabellen med sju av ni moglege poeng, berre Ranheim er føre med full pott etter tre serierundar.