TILBAKE: Henrik Furebotn er tilbake i førsteellevaren og ber kapteinsbindet når Sogndal i kveld skal prøve å ta seg forbi Raufoss i cupen. Foto: arkiv.
TILBAKE: Henrik Furebotn er tilbake i førsteellevaren og ber kapteinsbindet når Sogndal i kveld skal prøve å ta seg forbi Raufoss i cupen. Foto: arkiv.

Sjå Sogndal si ferd mot Ullevål her

Trenar Eirik Bakke kviler mange av sine faste spelarar når Sogndal skal prøve å ta seg forbi andre runde i cupen. Sjå kampen her.

Raufoss-Sogndal: Klokka 18.00 i kveld møter Sogndal andredivisjonslaget Raufoss på NAMMO stadion. Kampen kan du sjå nedst i saka.

Heile sju spelarar er droppa frå laget som tapte i sluttminutta mot Brann i helga: Mathias Dyngeland, Kjetil Wæhler, Per-Magnus Steiring, Taijo Teniste, Chidi Nwakali, Lars Christian Kjemhus og Martin Ramsland.

Ungguten Sivert Mannsverk frå Årdal er igjen funne verdig ein plass på benken, der finn vi òg dei to nyinnkjøpte ​forsvarsspelarane Walid Atta og Kristinn Jonsson, som begge er på veg tilbake frå skade.

 

(Video med løyve frå NRK)

Til toppen