RIKT MATFAT: Spekkhoggaren kan bli opp mot ni-ti meter og vege åtte tonn, så det var litt av eit syn som møtte Benedicte Elisabeth Stedje frå Flåm. Ho fanga det heile på video. Foto: privat.
RIKT MATFAT: Spekkhoggaren kan bli opp mot ni-ti meter og vege åtte tonn, så det var litt av eit syn som møtte Benedicte Elisabeth Stedje frå Flåm. Ho fanga det heile på video. Foto: privat.

Sjå spekkhoggarane leike seg i Sognefjorden

Ein sjeldan gjest gav nokre heldige aurlendingar ei oppleving for livet. Sjå video!

Flåm: Benedicte Elisabeth Stedje var på jobb då ho fekk høyre at nokre spekkhoggarar leika seg i Aurlandsfjorden.

– Vi på kontoret kasta alt vi hadde i hendene. Eg ringte mannen min, som er assisterande hamnesjef og sat i eit møte, dei kasta alt dei hadde i hendene dei òg, seier Stedje.

Les også: Kobbeunge i småbåthamna
Les også: To lamaar flykta langs Fjærlandsvegen

Båt fekk dei tak i kjapt, Stedje er nemleg salssjef i selskapet om driv Fjordsafari i Flåm. Vel ute ved Betelen, der Sognefjorden deler seg i Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, fekk dei nærkontakt med ein liten flokk.

– Det er majestetisk når du høyrer at dei bles ut luft og sjøsprøyten står. Det er nesten ubeskriveleg. I tillegg var det veldig spesielt å vere like ved eit dyr som er fleire gongar større enn båten du sit i og som du ikkje heilt veit kor dukkar opp neste gong, seier Stedje.

Les også: Glenn Tony tok med seg feil katt heim, no treng han hjelp: – Er prikkande like!

Det er ikkje første gong det er spekkhoggarar i Sognefjorden, men eit sjeldan syn er det uansett. Truleg vart den same flokken sett i Fjærlandsfjorden for eit par dagar sidan. Spørsmålet er om dei trivst så godt at dei kjem tilbake på fleire besøk.

– Det er masse kobbe og sel i Nærøyfjorden, så eg håpar dei skjønar at dei har eit godt matfat her inne. Det blir nok ei stund til vi lanserer kvalsafari her inne, men gøy var det no, seier Stedje.

Til toppen