Årdal: Denne veka har Statens vegvesen saman med driftsentreprenør og fjellreinskarar fjerna fleire store steinblokkar i sida over Finnåstunnelen på fylkesvegen like utanfor Årdalstangen.
I arbeidet har dei brukt ei pute som blir fylt med trykkluft for å pressa laus store og ustabile steinblokker. Elles er den gode gamle spetten eit viktig reiskap for å få reinska opp i fjellet.
Den største blokka var på rundt førti kubikkmeter, og vart teken ned torsdag føremiddag.
Arbeidet føregår medan vegen er stengt for trafikk. Fjellreinskinga må til for at eit sikringsnett etter kvart kan koma på plass.