VILLSAU: Christian R. Gjerde og faren Tor Magne har byrja med villsau for å prøva det ut. Foto: Jan Christian Jerving.
VILLSAU: Christian R. Gjerde og faren Tor Magne har byrja med villsau for å prøva det ut. Foto: Jan Christian Jerving.

Sjå, villsau i Lærdal

– Eit prøveprosjekt, seier Christian R. Gjerde om den vesle flokken med villsau som han og faren Tor Magne Gjerde har skaffa seg. 

Av om lag 10 000 registrerte søyer i Lærdal i 2014, er dette den einaste villsau-buskapen i bygda. 
Den vesle flokken på 14 søyer og éin vær kom til garden Mjelde i Lærdal for om lag 14 dagar sidan. 

Ideen om å skaffa seg desse dyra kom då dei såg at skogen og buskar vaks opp over alt rundt gardsbruket, og dei ville ha dyr som hjalp til og halda dette nede. 

Villsauen beitar på tre og busker samt vanleg beite.

– Dei har eit litt ulikt beitemønster enn ein vanleg sau, seier prosjektleiar Håvard Øyrehagen i Sau og utmark.

Vidare fortel Øyrehagen om den litt spesielle sauesorten.

– den er liten og lett og med mange fargar i ulla. Her kan det variera i farge frå nærast kvit via gråe og brune nyansar og mønster til nær svart.

HORN: Væren utviklar kraftige, muflon-liknande horn.
HORN: Væren utviklar kraftige, muflon-liknande horn.

Alle værane og om lag ti prosent av søyene utviklar horn – små geitaktige horn på søyene, mens væren utviklar kraftige, muflon-liknande horn.
Villsauen, som også blir kalla Austvoldsau, utegangarsau, steinaldersau, ursau og gammalnorsksau, har ein unik fluktatferd samanlikna med annan sau. 

Når han flyktar frå rovdyr, vil han spre seg ut i vifteform. Dei sterkaste dyra vil dominera flukta og trekka rovdyra til seg, slik at dei svakaste rekker og gøyme seg vekk. 

Villsauen er svært hurtig, så det blir nesten aldri registrert tap av sau som følgje av rovdyr. 
Til sumaren slepp Christian saueflokken til fjells oppe på stølen.

– Eg er litt spent på korleis det vil gå, seier han og legg til at dette er eit fjellområda mellom Lærdal og Årdal der det har vore mykje tap av sau i summar på grunn av rovdyr.

Til toppen