KVILTE FOR LITE: Ein sjåfør av eit norsk vogntog vart meld til politiet for grove brot på køyre- og kviletida. Foto: Ina Eirin Eliassen.
KVILTE FOR LITE: Ein sjåfør av eit norsk vogntog vart meld til politiet for grove brot på køyre- og kviletida. Foto: Ina Eirin Eliassen. (Foto: Arkiv)

Sjåfør kvilte éin time på eit døgn

Ein førar av eit norsk vogntog vart anmeldt for grove brot på køyre- og kviletid.

Håbakken: Det er eitt av resultata etter kontrollen på Håbakken i Lærdal måndag kveld, der det var nok av feil og manglar på vogntoga som kom forbi.

Verst var det for sjåføren av eit norsk vogntog som vart anmeldt for grove brot på køyre- og kviletida.

I løpet av dei siste 28 dagane hadde sjåføren to døgn der lengste samanhengande kvile i løpet av døgnet var på under 1 time. Vedkommande hadde også fire brot med mellom 2,5 og 5 timar døgnkvile i løpet av eit døgn.

Elles var det fire som fekk bruksforbod. Tre av desse hadde overlast, medan ein fekk bruksforbod på grunn av manglande merking av utstikkande gods.

Til toppen