KØYRTE SEG FAST: Ein turistbuss har køyrt seg fast i ein av svingane ned frå Fardalen mot Øvre Årdal. Foto: Porten.no-tipsar. 
KØYRTE SEG FAST: Ein turistbuss har køyrt seg fast i ein av svingane ned frå Fardalen mot Øvre Årdal. Foto: Porten.no-tipsar. 

Sjåføren meld til politiet etter at bussen stod fast

Turistbussen passerte to åtvaringar og vart ståande fast i ein sving.

Fardalen: Ein turistbuss på veg til Øvre Årdal sette seg fast i ein av svingane i Fardalen natt til onsdag. Uhellet skjedde rundt 03.30 i natt. 

No er sjåføren av bussen meld til politiet. Vegen er ikkje rekna for køyretøy lengre enn ti meter, noko det står to skilt om. Det fekk den 14 meter lange bussen erfare når han vart ståande fast i ein av svingane ved Berge.

– Bussen er ikkje komen laus enno og står der framleis, men bergingsbilar er på veg og skal dra han oppover. Bussen hang ganske bra nedpå bak og sit godt, fortel Nils Solheim, som sit i styret i Tindevegen, til Porten.no 08.30 i dag.

Vegen er no opna etter at bergingsbilar frå både Årdal og Luster bidrog. 

Artikkelen held fram under biletet.

HENG NEDPÅ: Bussen er 14 meter lang, medan vegen er ikkje berekna for køyretøy lengre enn 10 meter. Her ser du kvifor.
HENG NEDPÅ: Bussen er 14 meter lang, medan vegen er ikkje berekna for køyretøy lengre enn 10 meter. Her ser du kvifor.

– Denne bussen er rundt 14 meter. Eg snakka med bussjåføren, som seier han ikkje har sett skilta. Det er to skilt som varslar om dette på strekninga. 

Bussen må dei dra oppover før han får snudd og køyrde tilbake att. Når det gjeld passasjerane, så er desse henta ned med minibuss og er no lasta inn på ein turbuss i retning Bergen.

Også for eit par veker sidan var det ein buss som stod fast på same strekninga. Då fekk sjåføren munnleg beskjed, men køyrde likevel. 

Til toppen