NEPPE VÅRFLAUM: Sannsynet for ein vårflaum i Sogn vert vurdert som liten, fortel hydrolog og flaumvarslar i NVE, Inger Karin Engen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NEPPE VÅRFLAUM: Sannsynet for ein vårflaum i Sogn vert vurdert som liten, fortel hydrolog og flaumvarslar i NVE, Inger Karin Engen. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Sjansane for ein vårflaum i Sogn er små

Det er mindre snø enn normalt i fjella i Sogn og Fjordane, og dermed er sannsynet for flaum på grunn av snøsmelting lite.

Årdal: – Det er i mellomtida heilt avhengig av vêret medan snøsmeltinga pågår. Vert det mykje regn, kan det bli stor flaum, sjølv i vassdrag som har lite snø.

Det fortel hydrolog og flaumvarslar i NVE, Inger Karin Engen, til Porten.no. I Sogn og Fjordane er det nesten ikkje att snø under 6–700 meter over havet. Også i høgfjellet er det mindre snø enn normalt, fortel ho.

– Dette gjeld når me ser fylket under eitt. Det ser ut til at dei høgareliggande delane av nedbørsfelta til både elva i Lærdal og Årdal har mindre snø enn normalt, og følgeleg er sannsynet mindre enn normalt for ein stor vårflaum eller snøsmelteflom.

Snøsmelting i kombinasjon med mykje regn

I Sogn er det først og fremst om hausten at faren for flaum er størst, der mykje regn fører til høg vassføring. Snøsmeltinga fører normalt ikkje til spesielt store flaumar. Sjølv om det er meir snø enn normalt i dei høgste områda, er det mindre enn normalt lengre ned.

– Me betraktar difor sannsynet for stor snøsmelteflaum i desse områda som lite. Viss det skulle koma mykje regn samstundes med snøsmeltinga, kan det bli stor flaum også her, forklarar ho.

Årsaka til at vårflaum er ei større utfordring til dømes på Austlandet er fordi her smeltar det meste av snøen samstundes.

– I Sogn er sannsynet for stor flaum på grunn av berre snøsmelting liten fordi nedbørsfelta til vassdraga er bratte, så då vil snøen i låglandet smelte unna før han smeltar i høgda. Regn – og mykje regn – er det som fører til dei største flaumane i Sogn og Fjordane. Og sannsynet for det er størst om hausten.

Slik reknar NVE sannsynet for flaum

NVE reknar sannsynet for vårflaum ved bruk av ein hydrologisk modell der dei tek omsyn til både årets snømengde og kor fuktig det er i bakken. Dette vert kombinert med informasjon om korleis vêret har utvikla seg gjennom våren og forsommaren kvart år sidan 1957.

– Me får då rekna 59 teoretiske flaumar. Det dannar grunnlag for å seie noko om sannsynet for stor vårflaum i år, fortel Engen.

Sannsynet for flaum vert rekna kvar veke for om lag 120 område fordelt over heile landet. Basert på analyse av desse områda, kan NVE seie noko om sannsynet for at vårflaumen blir så stor at han kan medføre skadar og problem. 

Til toppen