Luster: Etter 15 år i sjefsstolen i Luster Sparebank skulle Oddstein Haugen etter planen bli pensjonist frå hausten av. Stillinga vart lyst ut, og søkarane var ifølgje styret mange. Så kom koronakrisa.
– Det er viktig med kontinuitet i den perioden banken no går inn i, med ein leiar som kjenner banken godt. I tillegg vil det også vera vanskeleg å gjennomføra ein god rekrutteringsprosess på noverande tidspunkt, skriv banken i ei pressemelding på eigne heimesider.
Begge partar er samde om at banksjefen skal halda fram i stillinga i to år til. Sjølv om økonomien til banken etter eige utsagn er solid, legg ikkje Haugen skjul på at tida framover blir krevjande.
– Det var vanskeleg for meg å forlata skuta no, og eg er topp motivert til å halda fram. No må me stå i lag og yta ein god innsats framover, seier Haugen i pressemeldinga.