SJEFSBYTE: Wenche Eldegard blir ny fabrikksjef ved Hydro Årdal, opplyser selskapet i ei pressemelding. Foto: Norsk Hydro. 
SJEFSBYTE: Wenche Eldegard blir ny fabrikksjef ved Hydro Årdal, opplyser selskapet i ei pressemelding. Foto: Norsk Hydro.  (Foto: Arkiv/Norsk Hydro )

Sjefsbyte i Hydro Årdal

Wenche Eldegard vender tilbake til Årdal og blir ny fabrikksjef.

Årdal: Det stadfestar Hydro i ei pressemelding torsdag. Wenche Eldegard, som er frå Årdal, har sidan 2012 jobba ved verket i Høyanger.

– Hydro Årdal er eit større verk enn det me har i Høyanger, med fleire tilsette og aktivitetar i fleire delar av verdikjeda for aluminium. Dette blir eit spennande arbeid å ta fatt på, og eg gler meg til å koma i gong, seier Eldegard i pressemeldinga. 

Endringane trer i kraft seinast 1. mai, men det er avhengig av kor lang tid det tar å få på plass ein ny fabrikksjef i Høyanger. Den stillinga vert no lyst ut internt i Hydro.

FINE RESULTAT: Godt samarbeid med fine resultat lovar bra for Årdal, seier noverande fabrikksjef Egil Fredriksen.
FINE RESULTAT: Godt samarbeid med fine resultat lovar bra for Årdal, seier noverande fabrikksjef Egil Fredriksen.

Omstillingsperiode

Sidan juli 2013 har Egil Fredriksen vore fabrikksjef i Årdal, men han skal no arbeide som forbetringssjef sentralt i primærmetallsystemet i Hydro med base i Høyanger. 

– Me har vore gjennom ei omstilling i Årdal dei siste åra, der grunnoppskrifta har vore å betra tryggleiks- og kvalitetsarbeidet vårt samstundes som me ville auka betringstakten gjennom arbeidet med AMBS, seier Fredriksen.

Fine resultat

Aluminium Metal Business System, forkorta AMBS, er eit system dei har jobba med i mange år og handlar kort fortalt om å skapa stabilitet i produksjonen og kontinuerleg betring.

– Godt samarbeid mellom tilsette, tillitsvalde og leiing har gitt mange fine resultat som lovar bra for framtida i Årdal, held Fredriksen fram og viser til produksjonsrekorden som blei sett i elektrolysen i fjor og at verket henta heim ein topp tre-plassering i kåringa av årets Lean-bedrift. 

Til toppen