Indre Sogn: Evig Ung er eit stykke skrive av sveitsisk-svenske Erik Gedeon i 2010. Den påfølgjande suksessen var ein viktig grunn til at teateret han jobba på kom på rett kjøl økonomisk. No kjem det til Norge i ny drakt.
Stykket føregår i framtida, i ei tid då Sogn og Fjordane teater fungerer som gamleheim for pensjonerte skodespelarar. Der lever dei på minnene frå tida då dei var på toppen av karriera.

Over kan du sjå video av sminkejobben som må til for skodespelerane skal framstå som seg sjølve – førti år fram i tid.
I den ikkje altfor fjerne framtida har dei avdanka skodespelarane tilsynelatande mista gnisten i dei apatiske omgjevnadane. Men når pleiarane snur ryggen til vaknar sirkushesten i dei og dei syng og dansar, akkurat som dei gjorde på scena før i tida.
– Stykket tek ikkje mål av seg til noko meir enn å gje publikum ei skikkeleg feelgood-oppleving. Kjend musikk saman med både verbale og kroppslege ablegøyer gjer sitt til at publikum frydar seg frå første stund, seier Arne Hovland, arrangøransvarleg ved kulturhuset i Årdal, i ei pressemelding.
Les også: Teaterstykket «Kvinna frå før» kjem til Sogn
Han seier dei har vore nede i ein bølgjedal dei seinare åra når det gjeld publikumsinteresse for teater. Likevel var det tilnærma fullt hus til det noko smalare stykket Kvinna frå før som gjesta Årdal i november.
– Det fortalde oss også at vi må verte flinkare til å få ut informasjon om teateret på førehand. Då kjem publikum, seier Arne Hovland i pressemeldinga.
I morgon inntek ensemblet scena i Årdal Kulturhus. Sjå resten av turnèstadene i Sogn her:
Artikkelen held fram under biletet:
Evig ung i Sogn:
- 7. mars - Øvre Årdal Samfunnshus
- 8. mars - Aurland idrett- og samfunnshus
- 9. mars - Sogndal kulturhus
- 10. mars - Vik, Blixhalli
- 11. mars- Balestrand, Belehalli