Sjekk den krana

– Dette er den største jobben eg har hatt, seier Øyvind Stentvedt. 

Øvre Årdal: Denne veka skal eit av dei større løfta som er gjort på Hydro foregå i Tya. Ein 60 tonn tung støypesylinder skal skiftast, og då trengs det krefter som kan takle ei slik vekt.

Du kan sjå den enorme mobile krana frå fleire stader i bygda. Berre belta veg 100 tonn. Til saman kan krana løfte 600 tonn. Øyvind Stentvedt i Sogn Kran og Transport AS skildrar dette som den største jobben han nokon gong har gjort.

– Me leiger inn kraner, men aldri av slike dimensjonar, seier han og legg til at det framleis er eit stykke opp til verdas største kranar som kan løfte 3000 tonn. 

Nesten 30 lastebilar

I førre veke kom krana i deler på lastebilar heile vegen frå Sverige. Opp mot 30 lastebilar måtte til for å frakte den gigantiske krana. 

– Det er spennande, eg kan ikkje seie noko anna, men det er mykje arbeid, eigentleg meir enn eg hadde trudd. Me byrja å setje krana i saman onsdag og var ferdig laurdag klokka 15. Me har nytta tre kraner for å setja ho i saman, fortel Stentvedt. 

Artikkelen held fram under biletet.

STORE DIMENSJONAR: Øyvind Stentvedt fortel at dette er det største løftet han har gjort. Det er May-Lisbeth Midtun som har bestilt oppdraget.
STORE DIMENSJONAR: Øyvind Stentvedt fortel at dette er det største løftet han har gjort. Det er May-Lisbeth Midtun som har bestilt oppdraget.

Slik ho står på biletet er armen på krana 66 meter lang. Den er no rigga for løftet av sylinderen, som ligg i ei støypegrop i Tya støyperi. Senteret her vart stoppa på laurdag, og sidan har dei jobba med å løyse sylinderen.

Stor operasjon

– Sylinderen løfter støypeborda me støyper blokkene på, så det er store dimensjonar det er snakk om på den sylinderen, fortel områdeleiar for vedlikehald og oppdragsgivar May-Lisbeth Midtun. 

SJEKK FORSKJELLEN: Ein kan trygt seie at det er stor forskjell på kranene.
SJEKK FORSKJELLEN: Ein kan trygt seie at det er stor forskjell på kranene.

– Boltane på sylinderen er svære, så det er ein stor jobb å løyse desse og få han laus. Den jobben er starta, og så kjem det an på kor greitt det går før me gjer sjølve løftet.

Det er knyttmykje tryggleik til slike operasjonar, så det er gjort ein del «sikker jobbanalysar» for arbeidet som skal skje, seier ho. 

Eit løft på nesten 70 tonn

Sjølve sylinderen er 11 meter, medan gropa er på 10-12 meter, så det er snakk om rundt 25 meter ned i gropa frå golvet. Sylinderen skal så løftast ut gjennom taket, der det er laga til ei luke. Frå der krana står og bort til sylinderen vil det vere 38 meter. Med krok og vaier vil løftet vere på opp mot 70 tonn.

Årsaka til at sylinderen skal skiftast ut er ganske enkelt fordi den har gjort jobben sin. Sylinderen har vore i drift sidan senteret stod nytt i 2000 og vert no sendt til Tyskland for overhaling før den vert liggjande i reserve att. 

Til toppen