REKORDLAKS: Denne storlaksen på 19 kilo drog Håvard Hatle på land fredag. Den er drøye ein kilo større enn førre rekordlaks som er teken i Sogndalselvi.
REKORDLAKS: Denne storlaksen på 19 kilo drog Håvard Hatle på land fredag. Den er drøye ein kilo større enn førre rekordlaks som er teken i Sogndalselvi. (Bilde: Morten Uthus)

Sjekk den laksen! – Dette kjem eg nok ikkje til å oppleve igjen med det første

Håvard Hatle drog i land ein laks på 19 kilo i Sogndalselvi.

Sogndal: 19 kilo. Leiar i fiskeutvalet i Sogndal jeger-og sportsfiskarlag, Ynge Håkonsen, seier til Sogn Avis, som omtalte saka først, at det er ny rekord.

For Håvard Hatle var fredag før helga ein stor dag i fiskekarriera hans. Etter å ha kjempa ein innbitt kamp med rekordlaksen, fekk han omsider drege fisken på land.

NERVEPIRRANDE: Hatle samanliknar fangsten med å scora vinnarmålet på overtid av 2. ekstraomgang i ein finale.
NERVEPIRRANDE: Hatle samanliknar fangsten med å scora vinnarmålet på overtid av 2. ekstraomgang i ein finale. Foto: Morten Uthus

Nervepirrande

– Korleis var denne opplevinga?

– Det var tungt. Eg samanliknar det med å avgjera ein finale på overtid i 2. ekstraomgang. Det var den kjensla eg hadde. Det var ei god kjensle, seier den tidlegare Fjøra-trenaren til Porten.no.

– Like nervøs stemning før dommaren bles i fløyta òg kanskje?

– Ja, det er jo det når fisken er på så lenge. Då gjer ein sine tankar om eg mistar han eller kor han går. Det var spennande, kjekt og nervepirrande, legg han til.

Skal opp på veggen på hytta

Heilt sidan han var ferdig som trenar frå 3. divisjonslaget tidlegare i sommar, har tida heller gått med til ein annan hobby – laksefiske. Der har lykka stemt bra.

Rekordlaksen på 19 kilo er drøye kiloen større enn førre rekordfisk som er teken i Sogndalselvi. 

– Sogndalselvi er jo ikkje kjend at så store laksar brukar å gå opp i elva jamnt og trutt, så dette var veldig gøy. Eg har bestilt avstøyping, så denne blir fin å ha på hytteveggen i Hodlekve, smiler han.

Hatle kallar det ei «once in a lifetime»-oppleving.

– Det blir nok ikkje fleire slike med det første.

Til toppen