SPEGLVENDT: Fargane på den sekundære regnbogen er motsett av den originale.
SPEGLVENDT: Fargane på den sekundære regnbogen er motsett av den originale. (Bilde: Eric James Ryan/ VERI Media)

Sjekk det spektakulære synet amerikanaren fanga på film i Sogndal

Ein dobbel regnboge kunne nylig sjåast hjå sogndølene.

Sogndal: Fotografen Eric James Ryan, ein amerikanar busett på Hafslo, foreviga ein dobbel regnboge han nylig såg over Sogndal. 

Ingen ringare enn René Descartes, den franske filosofen som tenkte og difor eksisterte, var den første som kom opp med ei tilfredstillande forklaring på fenomenet. Det oppstår når lys skin gjennom ein regndrope og blir brote to gonger.

– Resultatet blir ein ekstra regnboge som er svakare og med spegelvendt rekkefølgje på fargane, forklarer Marit Berger ved Meteorologisk institutt.

Doble regnboger er eigentleg ikkje så sjeldne, men det betyr ikkje at dei ikkje er flotte å sjå på. Det kan til dømes denne karen gå god for.

– Kva trur du gjer at vi menneske lèt oss fascinere av slike vêrfenomen?

– Det er jo ikkje noko du ser kvar dag og så er dei utruleg fine å sjå på, seier Berger. 

– Så det er jo litt spesielt, seier ho. 

Til toppen