SOGN TREKKJER NED: Det er 40 færre heilt arbeidsledige i Sogn og Fjordane enn på same tidspunkt i fjor. For Indre Sogn er ikkje tala like lystig lesnad.
SOGN TREKKJER NED: Det er 40 færre heilt arbeidsledige i Sogn og Fjordane enn på same tidspunkt i fjor. For Indre Sogn er ikkje tala like lystig lesnad. (Bilde: Nav Sogn og Fjordane)

Sjekk kor mange arbeidsledige det er i din kommune

Talet heilt arbeidsledige aukar i Indre Sogn, mykje på grunn av den negative utviklinga i Balestrand.

Indre Sogn: Ved utgangen av juni var det 953 heilt ledige i Sogn og Fjordane. Det er 40 færre enn for eitt år sidan, ein reduksjon på 4 prosent. Med ei arbeidsløyse på 1,6 prosent er Sogn og Fjordane framleis best i klassen, saman med Oppland.

I aldersgruppa under 30 år er det 44 færre ledige enn i juli i fjor, ein reduksjon på 16 prosent. Innvandrar frå ikkje-vestlege land har ein reduksjon på 10 prosent og talet på langtidsledige er redusert med 23 prosent.

– Ein betre arbeidsmarknad er ein del av forklåringa, men dette er også grupper som har høg prioritet hjå NAV, seier Eitungjerde.

I Indre Sogn er det 173 heilt ledige, ein auke på 17 frå i fjor. Kommunane Vik, Lærdal og Sogndal skiller seg ut i positiv lei. Dei har mellom fem og ti færre arbeidsledige enn i same månad i fjor. Resten har ein liten oppgang, medan Balestrand kjem desidert verst ut. Her er det femten fleire heilt arbeidsledige, ein auke på 188 prosent.

På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 12 prosent frå same månad i fjor. Det er no 77 431 heilt ledige, tilsvarande 2,8 prosent av arbeidsstyrken. 

Heilt ledige fordelt på kommunane i Indre Sogn:

Indre Sogn Tal Prosent av arbeidsstyrken Endring frå i fjor (tal) Endring frå i fjor (%)
Vik 11 0,8 -6 -35
Balestrand 23 3,2 15 188
Leikanger 11 0,9 1 10
Sogndal 46 1,0 -10 -18
Aurland 9 0,9 3 50
Lærdal 9 0,8 -5 -36
Årdal 33 1,2 6 22
Luster 31 1,1 13 72
Til toppen