GJER DET GODT i SOGN: Lærdal er ein god nummer to på kommunetesten til Forbrukerrådet når det gjeld kommunane i Indre Sogn. Foto: Jan Christian Jerving.
GJER DET GODT i SOGN: Lærdal er ein god nummer to på kommunetesten til Forbrukerrådet når det gjeld kommunane i Indre Sogn. Foto: Jan Christian Jerving.

Sjekk korleis din kommune gjorde det i kommunetesten

Fedje i Hordaland er vinnaren av Forbrukarrådets kommunetest i 2016. Men sjølv om den vesle kommunen toppar listen, scorar dei største kommunane best i snitt.

Indre Sogn: Vinnarkommunen har 576 innbyggjarar og er den minste kommunen som nokon gong har vunne testen. Andre- og tredjeplassen går til to andre små kommunar: Stordal i Møre og Romsdal og Valle i Aust-Agder.

Først på fjerdeplass gjer dei store kommunane seg gjeldande, med Asker i spissen.

På siste plass kjem Kvalsund i Finnmark, med 21 av 100 moglege poeng. Høvesvis nest og tredje sist kjem Karasjok i Finnmark og Karlsøy i Troms. Alle tre har under 3.000 innbyggjarar.

Sjekk korleis din kommune gjorde det i oversikta nedst i artikkelen.

Kommunane er testa på områda service, tilgjenge og informasjon, men innhald og kvalitet på dei ulike tenestene er ikkje tatt med i testen.

Dei største best

Forbrukartesten viser at gjennomsnittsresultata blir betre når kommunestorleiken aukar.

– Den klare tendensen i alle dei fire store testane vi har gjennomført, er at jo høgare folketal, desto betre gjer kommunane det. Samtidig skal ein også vere klar på at det er fleire sider ved tenestene til kommunane som ikkje er omfatta av denne testen, seier forbrukardirektør Randi Flesland.

Ho meiner at det mest oppsiktsvekkjande er det store spriket mellom kommunane.

– Det er framleis svært store forskjellar. Dette er noko kommunane må gjere noko med. Vi hadde forventa å sjå mindre sprik, understrekar ho.

Forbrukartesten viser at kommunane som har lykkast med gode resultat, held seg på topp.

– Det handlar først og fremst om god leiing, meiner Flesland.

Ho vil ikkje gå inn på debatten om kommunesamanslåing.

– Våre testar handlar ikkje om politikk, berre om innbyggjarane får det dei har krav på, seier ho.

Stolte

Dei stolte Fedje-vinnarane fortel at dei scora svært lågt på førre test utført i 2013.

– Då bestemte vi oss for å gjere noko, og vi er kjempestolte over at vi har klart eit slikt kvantesprang, seier rådmann Vidar Bråthen.

– På kaffesamlingane kvar tysdag har vi hatt spørsmålet om korleis vi kan heve innsatsen som eit gjennomgangstema. Vi har god nærleik til våre medarbeidarar, og har klart å løfte oss saman, seier Bråthen. Han understrekar at kommunen har vore avhengig av å samarbeide regionalt for å få gode dataløysingar.

Testen vart utført av Norstat i januar og februar 2016. (©NPK)

Kommuneoversikt, Indre Sogn

Plassering Kommune Poeng
135 Luster 59,7
146 Lærdal 59,3
211 Årdal 55,3
253 Sogndal 53,9
296 Aurland 49,4
336 Leikanger 46,3

 

(Kjelde: Forbrukerrådet)

Til toppen