OPPTELJING: Då Anne Grøttebø og Renate Fossen var ferdig å telja for Lærdal sin del, hadde Sogn og Fjordane til saman samla inn 5,7 millionar kroner til årets TV-aksjon. Foto: Jan Christian Jerving. 
OPPTELJING: Då Anne Grøttebø og Renate Fossen var ferdig å telja for Lærdal sin del, hadde Sogn og Fjordane til saman samla inn 5,7 millionar kroner til årets TV-aksjon. Foto: Jan Christian Jerving. 

Sjekk kva kommune som gav mest til TV-aksjonen

Då klokka hadde passert midnatt, var det innsamla beløpet frå årets TV-aksjon oppe i 219,8 millionar kroner. Heilt overveldande, seier Røde Kors-president Sven Mollekleiv.

Aurland: – Dette er heilt fantastisk. Tusen takk til alle som har bidrege! Alle bidrag kjem til å utgjere ein forskjell og saman får vi hjelpa heilt fram. Alt engasjementet vi har sett i det siste er overveldande, seier Mollekleiv i ei pressemelding.

– Eg er rørt, takknemleg og audmjuk på vegner av heile Røde Kors. To millionar menneske vil no få livsviktig hjelp.

Kongelege bøsseberarar

Totalt var 100.000 bøsseberarar ute søndag og banka på dører over heile landet. Blant bøsseberarane som var med på årets utgåve av den store innsamlingsdugnaden var kronprinsesse Mette-Marit, kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra.

Fjorårets innsamlingsbeløp blei passert ved 23-tida, og også fleire delaksjonar samla i år inn meir pengar enn sist. Skulane i landet samla inn 1,8 millionar kroner meir enn for eit år sidan og enda på 5,8 millionar. P3-aksjonen sette ny rekord med nesten 5,5 millionar kroner.

– Løfta i flokk

– Eg er så utruleg glad og rørt over å sjå det fantastiske engasjementet folk viser for å hjelpe medmenneske, seier TV-aksjonsleiar Vibecke Østby.

– Vi har all grunn til å vere veldig stolte av vår felles innsats, seier aksjonsleiaren og viser til at høg og låg, gammal og ung frå by og bygd «har løfta i flokk».

Aurland gav mest

Sogn og Fjordane var det mest gåvmilde fylket til årets TV-aksjon. Viss ein reknar med innbyggjar, gav kvar og ein av oss i snitt 52 kroner.

Når kjem til kommunane i fylket, er det to som er i ein klasse for seg sjølv – Aurland og Solund. 

I snitt gav innbyggjarane i Aurland 117,08 kroner i snitt. Deretter følgjer altså Solund og Gloppen før Årdal kjem på ein 4. plass med 73,51 kroner. (©NPK/Porten.no)

Til toppen