Årdal/Sogndal: – Til slutt vart det 106, viss eg hugsar rett, seier Dag-Olai Feten Høyheim frå Luster.
Han er sjef for russeknutane i Sogndal. Tradisjonen tru handlar mange av dei om sex, drikking og merkelege stunt. Men for Feten Høyheim har det vore viktig å halda ei forsvarleg linje.

– Eg har tenkt at knutane ikkje skal gå ut over folk som ikkje ønskjer å vera med på det. Samtykke står sentralt, det er viktig for at alle skal ha det moro, seier han.
Endra knute for å hindra blotting
Med stillinga følgjer eit visst ansvar. Å springa naken over Loftesnesbrui, som russen i Sogndal har gjort i alle år, er til dømes ulovleg. Politiet har gitt beskjed om at det er blotting.
Med ei lita justering har knutesjefen likevel greidd å bevara det tradisjonsrike stuntet.
– No skal du springa i undertøy over brua. Det er lovleg, men framleis litt artig og spennande å gjera, seier han.
Enkelte knutar er fast tradisjon i Sogndal, som å spandera is på ei heil barnehageavdeling, eller å seksualundervising for ein førsteklasse. Den siste er med òg av personlege grunnar.
– Eg hugsar eg gjekk i førsteklasse, då kom det russ inn i klassen vår. Det tykte eg var ganske artig, difor var det ein knute eg ville ha med, seier Feten Høyheim.
– Den er ganske uskuldig, men kan vera lærerik om dei rette folka blir med, seier han.
Lars Monsen-knuten heng høgt
I Årdal er det Martine Øyre som er knutesjef. Ho har for det meste henta inspirasjon frå nettet, i tillegg fann ho ei gamal avis full av gamle tradisjonsrike knutar.
Som at du må fiska i fontena utanfor rådhuset på Tangen eller eta eit russekort.

– Andre knuter er å gå med brød som sko, eller sitja ein heil skuletime i berre undertøy, seier Øyre.
– Kva er den vanskelegaste knuten å få?
– Det er Lars Monsen-knuten, for då må du leva ute heile russetida. Den er det ingen som prøver på, seier ho og ler.
Alle knutane må vera utførte med vitner eller vera filma for å bli godkjende.
– Me samlar oss ganske mange og gjer dei i lag, seier Øyre.
I Sogndal har dei dempa drikkepresset
I Årdal har dei klassiske drikkeknutane framleis ein sentral plass, knutar som mange i den eldre garde kanskje vil kjenna att.
Som at du skal drikka ei heil kasse med øl på 24 timar eller ei flaske vin på 15 minutt.
I tråd med den forsvarlege linja har sjefen for knutane i Sogndal modifisert dei litt.
– Hos oss er det ikkje lenger krav om 24 øl på 24 timar, men ein partypack, altså ti småboksar med øl, på 24 timar. Det skal vera meir overkommeleg og ikkje helseskadeleg, seier han.
Her er knutane til sogndalsrussen:
- GULLKONGLE: Ha sikker sex med russepresidenten
- CHAMPAGNE-KORK: Drikke 10 flasker Champagne i russetida
- G-STRENG: Springe over Loftesnesbrua i berre undertøy
- ISPINNE: Bade før 1.mai
- LEIKEBIL: Reise på eit landstreff
- ISPAPIR: Kjøpe is til ein heil barnehage-avdeling
- INVITASJONSKORT: Invitere heile klassen på vors
- KVIST: Reise på fjelltur med russebukse
- KINOBILLET: Ta med lærar/pensjonist på kino
- SAMANKRØLLA ARK: Sitte under pulten ein heil time
- BIT AV ISPAPIR: Kjøpe 2 pakkar med pinne-is til ein barnehageavdeling Bit av ispapir
- BRUSKORK: Vere edru heile russetida
- ETIKETT FRÅ AMUNDSEN-FLASKE: Reise på polferd til polet med ski og stavar
- BILDE AV MARSHALL ERIKSEN: Vere i eit forhold gjennom heile russetida
- BILDE AV BARNEY STINSON: Ha sex med 7 jenter/gutar på 7 dagar i russetida
- BIT AV SKILTET: Reise med «Eg reiser aleine» skilt på buss eller fly.
- SMUKK: Kline med ein eller fleire førsteklassingar (VGS)
- GUL POST-IT LAPP MED SIGNATUREN TIL LÆRAREN: Invitere ein tilsett ved skulen på date
- LEPESTIFT: Flørte med læraren i timen og takke for sist
- NAMNET TIL LÆRAREN MED EIT HJERTE RUNDT: Låne vekk russehatten til ein lærar ein heil skuletime
- KRITT: Ha seksualundervisning for ein førsteklasse(VGS) med mange praktiske gruppeoppgåver
- SUGERØYR: Kline med ein bror/syster til ein venn(med-russ) som er over 16 år
- KONDOMPAPIR: Gi ein kondom til rektor og sei du gler deg til i kveld
- BANDANA: Kidnappe ein førsteklassing sin pult under ein time
- FANTA EXOTIC KORK: Invitere ein tilsett ved skulen på vors
- SPRITE KORK: Arrangere minst 3 vors i russetida
- BOKMERKE: Vere stille ein heil skuletime
- DOKKE-ARM: Krabbe over eit fortau i Gravensteinsgata
- GODTERI: Reise på fisketur med godteri som agn
- RAUD TRÅD: Farge håret raudt
- NUDDEL: Ha sex med ein student
- BIT AV PAPPTALERKEN: Ta 10 armhevingar i kantina under matfri
- SHERIFFSTJERNE: Kysse ein politibetjent på munnen eller kinnet
- VEKKERKLOKKE: Feste til klokka er 7 om morgonen
- BIT AV BROSJYRE OM TURIST-DESTINASJONAR I NORGE: Opptre som guide på ein rutebuss
- TANNPIRKAR: Hjelpe ei gammal dame/mann over vegen
- BOKSER/TRUSE: Bytte undertøy med ein med-russ av motsett kjønn for ein dag
- Kreftforeningen-bøsse: Delta i innsamlingsaksjonen til Kreftforeningen
- KNUTE PÅ LUETRÅDEN: 24 timer (86 400 sekunder) utan å sove.
- TØYBIT: Prøve å kjøpe til seg antrekket til ein framand som ikkje er russ.
- KNAPP: Besøke gamle på omsorgssenteret og gi bort russekort
- LINJAL: Sitte under pulten ein heil skuletime.
- BRØDSKORPE: Gå med brød som sko ein heil skuledag.
- CHAMPAGNEGLAS I PLAST: Reise seg kvart femte minutt i ein skuletime og rop: «Skål!».
- TAUSTUMP: Gå med ein annan russ i band ein heil skuledag.
- TEIP-BIT: Gå bunden eller teipa saman to og to ein heil skuledag, både armar og bein.
- TRUSE: Sitte ein heil skuletime berre iført undertøy.
- BIT AV HANDLEPOSE: Tilby å hjelpe ein eldre person med å bere varene heim frå butikken
- BOKBIND: Delta i ein heil førsteklasse-time (VGS).
- BADEAND: Sitte i ein balje og vaske med-russ på Ingafossen eller utanfor hovudinngangen til VGS (maks 3stk)
- EIT KAKELYS: Vere på skulen kvar dag i russetida (skulelys).
- TUSJ: Overnatte i hagen/oppgangen til ein lærer.
- RAUD PENN: Føre logg frå ein sein og våt kveld i russetida og lever den til norsklæraren for retting.
- BIT AV KVITTERING: Gå saman med 3 med-russ og kjøp opp ei vare i kantina.
- LEIKEDYR: Late som at du er eit dyr ein heil skuledag.
- BIT AV NOTEARK: Syng alt du seier i løpet av ein skuletime.
- SEIGMANN/SEIGDAME: Skifte i det motsette kjønn sin garderobe før- og etter ein gymtime.
- ROSEBLAD: Ha ein romantisk date med ein som ikkje er russ i kantina på skulen i matfri (med blomar og stearinlys).
- AVKLIPT DUSK: Vere i eit forhold med ein førsteklassing på VGS.
- EIN GIFTERING: Hald hender med ein førsteklassing på VGS inn til timen etter lunsj og fortel læraren kor høgt du elskar han/ho framfor læraren og klassen.
- TIMEGLASS: Still klokka to timer fram og lev etter den tida i eit døgn.
- NAKENBILDE: Svar med å lese høgt frå eit pornoblad med stor innleving når læraren spør om noko fagleg i timen.
- SIGNERT KVITTERING: Spandere nattmat på eit medlem av Russestyret.
- GELETOPP: Få signaturen til ein i Russestyret på brystet.
- GODTERILEPPE: Klin med eit medlem av Russestyret.
- FYRSTIKK: Ha sikker sex med eit medlem av Russestyret.
- Roseblad: Gi ei rose til en person du ikkje kjenner, som du syntest er attraktiv.
- FORBOKSTAVEN I NAMNET: Ha sex med to personar med same namn på ein kveld.
- UÅPNET KONDOM: Ikkje ha sex gjennom heile russetida.
- KONDOMPAKKE: Kjøpe en pakke kondom berre ved hjelp av kroppsspråk.
- SKEI TIL EIN GODMORGEN-YOGHURT: Om morgonen, legge seg inn i senga til mora og/eller faren til ein med-russ, for å så legge seg i skei med dei, og deretter vekke dei og takke for gårsdagen.
- VASELINBOKS: Seie «nei takk» til alle du møter i løpet av ein time, som om dei er prostituerte.
- LYPSYL: Få signaturen og mobilnummeret til 10 personar du har klint med.
- RAUDT KORT: Springe ut på ei fotballbane og kyss dommaren eller keeperen.
- ANTIBAC-FLASKE: Sjekke seg for kjønnssjukdommar.
- SIKKERHEITSNÅL: Be om sextips frå mora til ein med-russ.
- HJERTE: Avbryte eit stemnemøte med underhaldning, lat som om du er innleigd for å skape romantisk stemning.
- ROSA FJÆR: Kline med ein russ av same kjønn.
- KAMFERDROPS: Kysse ein person på over 60 år.
- BART: Gå med ein falsk bart ein heil dag.
- RUSSEKORTET TIL MED-RUSSEN: Vere slaven til ein med-russ ein heil dag.
- LEIKESPADE: Okkupere ein leikeplass med ein eller fleire med-russ i ein time.
- BIT AV SKILTET: Sitte saman med andre med-russ i ein rundkøyring og ha eit skilt der det står: «Ein tut, ein skål!».
- LEIKEBIL: Køyre 10 rundar i ei rundkøyring med bil.
- REFLEKS: Ha radarkontroll med hårfønar og refleksvest i Gravensteinsgata.
- BIT AV ISBOKS: Ete to liter is i løpet av ein skuletime
- «L»: Sett ein «L» (for øvingskøyring) bakpå ein offentleg tenestebil.
- BIT AV GRØNNSAK: Gi ei grønsak til ein tilfeldig forbipasserande person og snik deg deretter vekk mens du stirrar dei intenst i auga.
- FLØYTE: Leike hundekviskrar med hunden til ein framand.
- NAVNELAPP: Kalle alle gutar Kjell-Magne og alle jenter Turid, ein heil dag.
- RAUD KNAPP
- Alltid ha på russebuka når du oppheld deg på ein offentleg stad.
- 1881- LOGO: Ringe opplysninga 1881 og be dei gå inn på russenshovedstyre.no/russeknuter for å anbefale 5 russeknutar. Deretter, gjennomfør minst 3 av dei 5 anbefalte knutane.
- HÅRLOKK: La ein med-russ klyppa deg.
- PEACEMERKE: Halde seg unna vald og oppfordre til ikkje-vald gjennom heile russetida.
- MILJØMERKE: Ikkje drikke av glasflaske heile russetida.
- ØLKORK: Krabbe inn i ein matvarebutikk og kjøp øl/cider. Dersom du ikkje når ølet/cideren må du be om hjelp fra ein du ikkje kjenner.
- PAPPBIT FRA FROKOSBLANDING: Starte morgonen med frukostblanding blanda med øl, vin eller cider i staden for mjølk.
- ØLKORK: Drikke ein party-pack med 0,33-liter på 24 timer.
- BOKSSPLINT: Drikke ein halv liter mens ein sit/står og tissar.
- VINKORK: Drikke ei flaske vin på 15 minuttar.
- STOPPEKLOKKE: Drikke ein halvliter på ti sekundar.
- TAMPONG: Putt 2 tampongar i munnvikene og drikk en halvliter.
- ETIKETTEN: Drikke ein 0,33-liter utan hender eller annan assistanse.
- SØLVDUSK: Utføre 50 russeknutar
- GULLDUSK: Utføre 75
Her er knutane til årdalssrussen:
- SKOLISSE: Å gå Tangen-Øvre
- SMUKK: Krabbe frå Rallaren til Bunnpris
- KNUTE PÅ TRÅDEN: 24 timar utan å sove
- ISPINNE: Bade før 1. mai
- KOMMUNEMERKET: Ha ein seriøs samtale med Rallaren eller Rådhusstatuen på Tangen i 15 minuttar.
- EIN DEL AV EI FISKESNOR: ”Fiska” i fontena utanfor rådhuset på Tangen
- LOGOEN TIL FOTBALL-LAGET: Stå for underhaldning på ein fotballkamp
- MINIBØSSE: Gå krafttak mot kreft
- 20-KRONING: Tjena 25 kroner ved å syngja og dansa på Torge
- STIFT: Sove utanfor skulen ei natt
- VISITTKORT FRÅ BUTIKKEN: Gå inn i ein baderomsbutikk, setja seg ned på eit utstillingstoalett og ropa ”Eg e ferdig!”.
- KRITT: Sove i hagen til ein lærar
- PERLE: Køyra ein dritings førstis heim etter fest, og vekka foreldra
- EIN BIT AV SKILTET: Sitt saman med andre medruss i ein rundkøyring og ha eit skilt der det står: ”Ein tut ein skål”
- BUSSBILLETT: Vera gaid på ein offentleg buss med stor innleving gjennom 5 stoppeplassar
- TYGGISPAPIR:”Fartskontroll” med hårfønar
- SWIX TUBE: Gå på ski til vinmonopolet
- LITEN BIT AV RUSSEKORTET: Ete eit russekort
- VÅTSERVIETT: Fjern sminken til ein fjortiss i 1. Eller 2. Klasse.
- RUSSEKORTET TIL DEN DU HAR MED: Ta med ein i russestyret på råning
- AUTOGRAF TIL LÆRAREN: Ta med ein lærar på råning
- BILDE AV EIT EPLE: Melde seg til politiet for epleslang
- BILDE AV DEG I UTSTILLINGSVINDAUGET: Vera utstillingsdokke i eit utstillingsvindauge i ein klesbutikk i minst ein time
- EIN KVIST: Sitta i eit tre i 1 time før skulestart
- STEARINLYS: Ha date med ein lærar i kantina med telys
- BADEAND: Bad to-og-to i ei fontene og vask kvarandre
- BILDE AV LÆRAREN MED LUA PÅ: Lån bort russeluen din til ein lærar ein heil skuletime
- INNGANGSBILLETT: Vera supportar på ein valfri fotballkamp
- SHERIFFSTJERNE: Klemme ein politi
- L: Feste ein ”L” på ein politibil
- RØDT KORT: Spring ut på ei fotballbane og kyss ein spelar eller keeperen
- PAPIRHJERTE: Flørt opentlyst med læraren i timen og takk for i går
- EIT PLASTIKK-SHOTTEGLAS: Shotta 10 shots (40%) i løpet av 15 min
- HJERTE: Skrive og levere eit A4-siders kjærlighetsbrev til eit medlem av russen sitt styre.
- VINKORK: Drikka ca 75 cl med vin på 15 min
- RUSSEKORTET TIL RUSSEPRESIDENTEN: Spandera ein halvliter på presidenten
- FBI-LOGO: Gå ein heil skuledag og lata som du er spion
- BOBBIND: Delta i ein time i førsteklasse og vere aktive
- LITEN BLOMST: Ha seksualundervisning i førsteklasse, med demostrasjon
- LINJAL: Sitta under pulten ein skuletime
- TEIP-BIT: Gå bunden ilag med ein medelev ein heil skuledag
- LEIKEBIL: Køyra 10 runda runda i rundkøyringa
- EI ROSE: Gi ei rose til ein person du ikkje kjenner, som du meiner er attraktiv
- KONGLE: Ha sikker sex utandørs
- STJERNE I BREMMEN PÅ RUSSELUA: Ha sikker sex i løpet av russetida
- KONDOMPAKKE: Kjøpe ei pakke kondoma berre ved hjelp av kroppsspråk
- BRØDSKORPE: Gå med brød som sko ein heil skuledag
- UÅPNA KONDOM: Ikkje ha sex gjennom heile russetiden
- CHAMPAGNE-GLAS I PLAST: Reis deg kvart femte minutt i ein skuletime og rope ”Skål!”
- LEIKEDYR: Lata som du er eit dyr ein heil skuledag
- EIN BIT AV EIT NOTEARK: Synge alt du seier i løpet av ein skuledag
- PROMPEPUTE: Prompe høglytt i ein undervisningstime og ta skylden etterpå
- WUNDERBAUM: Gå med 8 nyåpna wunderbaum rundt halsen ein heil dag.
- EIN BIT AV EIN GRØNSAK: Gi ein grønsak til ein tilfeldig forbipasserande og snike seg vekk mens du stirrar dei intens i augene
- SIGNERT KVITTERING: Spandere nattmat på ein i russestyret
- FLØYTE: Leike hundehviskar med hunden til ein du ikkje kjenner
- RAUD KNAPP: Alltid ha på russebuksa når du befinne deg på ein offentleg stad
- BIT AV KVITTERING: Gå saman med 3 medruss og kjøp opp ei vara i kantina
- 1881-LOGO: Ringe 1881 og be om fem russeknutar. Gjennomfør 3 av 5 russeknutane.
- RUSSEKORT: Gi eit russekort til ein unge, stjele det tilbake og springe vekk fra ungen. Gi kortet tilbake og sei unnskyld.
- KAKELYS: Vere på skulen kvar dag i russetida
- BANDANA: Ta på deg bandana framfor munnen og solbriller og kidnapp ein skulepult fra VG1 elev/elevar
- SIKKERHETSNÅL: Be om sextips frå mor/far til ein medruss
- ROSA FJÆR: Kline med ein russ av same kjønn
- AVKLIPPA DUSK: Være kjæreste med ein førsteklassing på VGS
- LEIKESPADE: Okkupere ein leikeplass i ein time med ein eller fleire medruss
- GODTERILEPPE: Kline med eit medlem av russestyret
- HÅRLOKK: La ein medruss gi deg ein hårkløpp
- ØLKORK 1: Drikk ein kasse 0,33-liter øl/cider på 24-timar
- ØLKORK 2: Krabb inn i ein matvarebutikk og kjøp øl/cider. Dersom du ikkje når opp må du be om hjelp av ein ansatt.
- TAMPONG: Putte to tampongar i munnviken og drikke ein halvliter
- BILDE AV LARS MONSEN: Lev ute i naturen gjennom heile russetiden
- VASELINBOKS: Sei ”nei takk” til alle du møter i løpet av ein time, som om dei er prostituerte
- EIN LEPOMADE: Få signaturen og mobilnummeret til 10 personar du har klint med ein kveld
- ANTIBAC-EMBALASJE: Sjekke deg for kjønnssjukdommar
- SOLOKORK: Edru i heile russetiden
- FLASKEOPNAR: Spandera ein halvliter på ein medruss eller ein i russen sitt hovudstyre
- BIT AV KJETTING: Ha kjæreste gjennom heile russetiden.
- SEIGMANN/SEIGDAME: Skift i det motsatte kjønns garderobe før og etter ein gymtime
- UNDERSKRIFT AV LÆRAREN: Ha gym i russebuksa/russedressen
- EINKRONING: Betal ei vare på over 100,- med berre einkroningar
- LITEN SMUKK: Kline med ein ”førstiss”
- KORS: Sei ”halleluja” til alt læraren seier i ein heil skuletime
- MINIDUKKE: Gå med ei opplåsbar dokka på ejn offentleg stad og lat som om det er kjæresten din
- LEIKEBRANNBIL: Ha sikker sex under menstruasjon/med nokon som har det
- BOKSSPLINT: Drikke ein 0,33l øl/cider mens du sitter/står å pissar
- EIN BIT AV RUSSEAVISA: Sette ei utgave av russeavisa synlig på bladhylla i ein kiosk.
- ETIKETTEN: Drikka ein 0,33l øl/cider utan hender eller assistanse
- PEACEMERKET: Hold deg vekke frå vold og oppfordre til ikkje-vold gjennom heile russetida
- SPRITEKORK: Et 4 bananer og skyll det ned med 1,5 liter sprite, ute!
- KVIT CHAMPAGNEKORK: Ha sikker sex med russepresidenten
- CHAMPAGNEKORK: Ha sikker sex med ein i russestyret
- KAMFERDROPS: Kyss ein person på over 60 år
- BALLONG: Kline med ein bror eller søster til ein venn (over 16 år)
- TRUSE: Sitta ein heil skuletime kun iført undertøy
- EIN BIT AV INNPAKNINGEN: Et 6 Marie-kjeks på 1 minutt
- BIT AV ISPAPIR/LOKK: Et 2 liter is i løpet av ein skuletime
- NAVNELAPP: Kall alle gutar for Kjell-Magne og alle jenter Turid, ein heil skuledag
- ”GIFTERING”: Hold hender med ein førsteklassing på VGS til timen etter lunsj og fortell læraren kor høgt du elskar han/ho framfor læraren og klassen.
- VISITTKORT FRÅ BUTIKKEN: Ha vorspiel i eit møbelutstillingsrom
- HUBBA-BUBBA-PAPIR: Ha ein heil pakke med Hubba Bubba i munnen i ein skuletime
- LYKKETROLL: La alt hår gro og veksa fritt i løpet av heile russetiden
- NAKENBILDE: Svar med å lese høgt i frå eit pornoblad med stor innlevelse når læraren spør om noko fagleg i timen.
- BARBIEDOKKE: Lat som om du er mannekeng i eit butikkvindauge i minst 15 min
- SMIL: Sei ja til alt nokon seier eller spør deg om ein heil skuledag
- FLØYTE: Stå som køvakt i kantina med STOPP-skilt, fløyte og refleksvest. Ikkje vær redd for å sende folk bakerst i køen.
- BART: Gå med falsk bart ein heil skuledag
- AMNESTY-LOGO: Stryk ”NEI er NEI”-merket frå Amnesty på russebuksa
- BALLONG: Klin med bror/søster til ein venn (over 16 år)
- STOPPEKLOKKE: Drikk ein 0,33l øl/cider på 10 sekund
- SKEI TIL GOD-MORGON YOGHURT: Om morgonen, legg deg i senga til mor/far til ein medruss, legg deg i skei for så å vekka dei og takka for gårsdagen
- RUSSEKORTET TIL MEDRUSSEN: Vær slaven til ein medruss ein heil dag
- PAPPBIT AV FRUKOSTBLANDING: Start morgonen med frukostbanding blanda med øl, vin eller cider i staden for mjølk
- RINGEKLOKKE: Ring på 10 tilfeldige hus og spør pent om dei vil vera med ut på råning
- TØYBIT: Prøv å kjøpa deg antrekket til ein framand som ikkje er russ
- LEIKEDYR: Lat som om du er eit dyr ein heil skuledag
- MULIGHEIT TIL Å KASTE RUSSEDRESSEN: Stå på eksamen