NY REKTOR: Henny Midtun er tilsett som vikar for rektor ved Årdal vidaregåande skule. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
NY REKTOR: Henny Midtun er tilsett som vikar for rektor ved Årdal vidaregåande skule. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Sjekk kven som er tilsett som vikarierande rektor

Henny Midtun er tilsett som vikar for rektor ved Årdal vidaregåande skule.

Årdal: Det går fram av ei pressemelding frå Sogn og Fjordane fylkeskommune fredag. 

Midtun er i dag administrativ leiar ved Årdal vidaregåande skule og tek til i vikariatet frå 1. august seinare i år.

Det var tre søkjarar til stillinga. Utanom Midtun søkte Sandra Opheim og Kurt Jevnaker. 

Midtun steppar inn for Geir Kjetil Øvstetun, som til hausten trer inn i rolla som leiar for Visma Flyt Skole (VFS) i Sogn og Fjordane fylkeskommune. 

Den noverande rektoren skal leia prosjektet dei neste to åra. Prosjektet skal gjelde alle vidaregåande skular i landet og grunnskulane i Oslo og handlar om at det skal utviklast eit nytt skuleadministrativt system.

Dette skal gå over to år. Prosjektet skal ikkje gå på innhaldet i skulen, men meir på strukturen. Til dømes personalplanlegging, timeplan, fråver, vikarar og vitnemål. 

Til toppen