Indre Sogn: Ti freda og fredingsverdige bygningar i Sogn får til saman 5,7 millionar kroner til ulike restaureringsprosjekt. Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.
Den største summen går til Hotel Mundal i Fjærland. Heile 2,5 millionar får eigar Ola Moe til å setta i stand taket på det 125 år gamle hotellet.
– Bygningen har svake takkonstruksjonar. Det er ikkje slikt som ramlar ned i morgon. Men viss det ikkje blir gjort noko med dei nærmaste åra, så vil det bli alvorlege skader, har Moe tidlegare sagt til Porten.no
Wittgensteinhuset snart i mål
I Luster har dei fått 800 000 kroner til prosjektet med å flytta Wittgensteinhuset frå Skjolden til fjellknausen ved Eidsvatnet der det vart bygd. Den verdskjende filosofen sette opp huset i 1914 og budde der i fleire periodar til han døydde i 1962.
– Dette er ein kulturskatt, Harald Vatne i Stiftinga Wittgenstein.
Det gamle huset er demontert og restaurert. Oppreisinga skal etter planen starta i vår. Vatne seier dei har fått inn til saman rundt fem millionar kroner i støtte frå ulikt hald.
– Me denne siste løysinga no, så er me veldig nære ei fullfinansiering av prosjektet, seier Vatne.
Etterlengta løft
På Kaupanger hovedgård er dei fleste husa freda. I denne runden får drengestova og vedhuset ei romsleg løyving på 410 000 kroner, som skal gå til å byta eit tak som lek.
– Eg er glad for at eg har fått pengar til det, seier eigar Nils Joachim Knagenhjelm.
Han seier drengestova er huset der arbeidsfolka på garden budde i si tid. I dag er det foreldra hans som bur der.
Også i Aurland har dei grunn til å jubla. Der har dei jobba lenge for å samla inn dei 14,5 millionane dei treng for å restaurera Otternes bygdatun. Fleire hus ber preg av forfall, i denne omgangen er det Eilertstova og Håkonstova som får støtte.
Desse prosjekta får tilskot i Sogn:
- Hotel Mundal, Sogndal kommune: 2 500 000 kroner
- Seltuftberget brakke, Aurland kommune: 300 000 kroner
- Heimdalstrand, Balestrand kommune: 575 000 kroner
- Kaupanger hovedgård, drengestova og vedhuset, Sogndal kommune: 410 000 kroner
- Kaupanger hovedgård, Låven, Sogndal kommune: 6 000 kroner
- Flahammer, Luster kommune: 220 000 kroner
- Wittgensteinhuset, Luster kommune: 800 000 kroner
- Håkonstova på Otternes, Aurland kommune: 400 000 kroner
- Eilertstova på Otternes, Aurland kommune: 430 000 kroner
- Hovland, Sogndal kommune: 45 000 kroner