Aurland: Det er Dagens Næringsliv som har laga lista over dei mest framgangsrike selskapa i landet i 2017, av avisa kalla «gaseller». Ei gaselle må ha minst dobla omsetnaden på fire år og tena pengar.
Her i fylket kjem Aurland ut på topp, med heile seks verksemder på lista.

– Det er me jo kjempenøgde med. Det er eit bra bevis på at det går godt i næringslivet i Aurland og eg er veldig glad for at det går bra i mange bransjar, som reiseliv, transport og service, seier ordførar Noralv Distad.
At det blir skapt nye arbeidsplassar betyr mykje for ein kommune, seier han, og ordføraren håper utviklinga kan halda fram. Han gir spesielt èin bransje ære for dei gode resultata.
– Det er summen av mange ting, men den viktigaste drivkrafta er at me har lukkast med å få framgang i reiselivet og med å skapa fleire heilårs arbeidsplassar enn før. Det dreg med seg resten av næringslivet, seier Distad.
Vik og Sogndal tek dei to siste pallplassane i Sogn, med fire selskap kvar på gasellelista. Luster og Årdal har to selskap kvar, medan Lærdal har eitt, til gjengjeld nummer to på lista. Balestrand og Leikanger kom ikkje med med èitt einaste selskap denne gongen.
Plassering (i fylket) |
Selskap | Omsetnad | Vekst | Kommune | Gonger på lista |
1. (7) | Flåm AS | 141,3 mill. | 347% | Aurland | 1 |
2. (12) | Eldrevatn Kraftverk AS | 9,2 mill. | 608% | Lærdal | 1 |
3. (16) | Flåm Guideservice AS | 12,1 mill. | 169% | Aurland | 3 |
4. (31) | Tømrar Lars Erik Kjos AS | 6,2 mill. | 195% | Luster | 1 |
5. (34) | Highsoft AS | 62,9 mill. | 104% | Vik | 3 |
6. (35) | Flåm Bilutleie AS | 3,4 mill. | 183% | Aurland | 2 |
7. (37) | Hagebutikken AS | 6,9 mill | 130% | Vik | 1 |
8. (43) | Tharaso AS | 41,6 mill. | 111% | Sogndal | 1 |
9. (45) | Reint AS | 5,9 mill. | 168% | Aurland | 2 |
10. (46) | Havnen Anlegg AS | 40,1 mill. | 152% | Sogndal | 1 |
11. (49) | Daco Mekaniske AS | 24,7 mill. | 106% | Sogndal | 1 |
12. (54) | Marianne Bakeri & Kafe AS | 3 mill. | 114% | Aurland | 1 |
13 (58) | Nundal Consult AS | 6,2 mill. | 158% | Årdal | 2 |
14. (62) | Haugen Gardsmat AS | 13,7 mill. | 114% | Aurland | 1 |
15. (64) | Veekiosken AS | 9,3 mill. | 133% | Årdal | 1 |
16. (69) | Vikja AS | 2,2 mill. | 100% | Vik | 1 |
17. (70) | Charter Cruise AS | 3,8 | 111% | Vik | 1 |
18. (71) | Sogndal Lodge & Guiding AS | 3,4 mill. | 127% | Sogndal | 1 |
19. (72) | Elvepurka AS | 2,9 mill. | 93% | Luster | 1 |