SLEPP Å SØKA: Frå 1. juli slepp ein søka kommunen om løyve til å setja opp mindre byggverk på tomta si. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SLEPP Å SØKA: Frå 1. juli slepp ein søka kommunen om løyve til å setja opp mindre byggverk på tomta si. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

– Sjekk reguleringsplanen før du bygger

Det er Stine Mari Måren Elverhøis beste tips til dei som no planlegger å gjera endringar på tomta si utan å søka.

Frå 1. juli trer dei nye reglane for i byggesaksforskrifta til plan- og bygningslova i kraft. Kort fortalt betyr det at du til dømes kan byggja ein garasje utan å søka kommunen om løyve.

Måren Elverhøi jobbar på plan- og byggesak i Årdal kommune, og ho åtvarar om at det ikkje berre er å begi seg ut på nye prosjekt sånn utan vidare. 

– Det er den som bygger som har ansvar, og då skal du ha kontroll på alt. Det er ein grunn til at byggesakshandsamarar går gjennom søknad og har skjema og malar som me brukar, seier ho og tipsar folk om å bruke Direktoratet for byggkvalitet sine sider for å finne svar på eventuelle spørsmål.

Enklare å setja opp byggverk

Det var tilbake i mars at desse regelendringane blei klare. Så lenge ein følgjer regelverket, er det mykje kan setja opp utan å be om løyve først.

– Frå sommaren av kan innbyggjarane gjera fleire endringar på eiga tomt og bygga meir utan å søka kommunen, så lenge dei følgjer regelverket. Dette vil gjera det enklare for alle som vil setja opp ein garasje, ein sykkelbod, ein terrasse eller vindfang, sa kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) i ei pressemelding då.

Komplisert

Regelverket kan likevel vera komplisert for mange. Difor reknar Måren Elverhøi med at det blir ein del telefonar, men ber om forståing for at ho ikkje kan svare ja eller nei over telefonen i og med at ho ikkje sit med oversikt der og då.

– Me har ei vegleiingsplikt, men eg kan ikkje godkjenna ting på telefonen, og det håpar eg folk ikkje misforstår. Det vil vera ein del forhold ein kjem i konflikt med, og så er det kunnskapen.

– Mange får ikkje til å fylla ut eit skjema for enkle saker ein gong, og viss du ikkje greier å fylla ut eit skjema, trur eg ikkje du klarar å skaffa deg oversikt over alle faktorane som ein må kryssa av rett for å unngå søk, seier ho.

Ulovleg bygging

Opp gjennom åra har prosessen for dette variert. Tidlegare var det meldesaker, der ein melde frå til kommunen, og dersom ein ikkje høyrte noko, kunne ein byrja å bygga for mindre tiltak. 

Måren Elverhøi meiner endringane kan ha sine positive og negative sider. Til dømes er det positivt at ein slepp å søka om små tilbygg, som til dømes eit vindfang, som sjeldan sjenerer naboen. 

– Men eg er redd mange ikkje greier å få oversikt, og så ender ein opp med at nokon bygger ulovleg. Då blir det mykje arbeid for oss. Eg trur mange er redde for å byrja og heller vil forsikra seg først, men me kan jo ikkje seia ja eller nei, og då må ein kanskje søka uansett. 

Sjekk reguleringsplanen

Dersom du absolutt ikkje ønskjer å bruka pengar på det, er Måren Elverhøis beste tips at ein sjekkar reguleringsplanen før ein set i gong. For dersom den seier at du ikkje kan setja opp ein garasje større enn 40 kvadratmeter, så er det dette som gjeld, ikkje dei nye reglane som gir løyve inntil 50 kvadratmeter.

– Sjekk den. Det er det viktigaste. Der kan det stå ting om mønehøgde, takvinkel, at garasjen skal stå i ei viss retning, masse forskjellig som legg sterke føringar. Kanskje byggegrensa er på fire meter, og då kan du ikkje byggja ein meter nærmare naboen, forklarar ho og fortel at det fleire tomter på Farnes og i Utladalen som har slike reguleringar.

– Er ein i tvil og ikkje greier å finna ut av det, bør ein søka. Det kostar eit par tusen kroner, men det er det kanskje verdt i staden for å havna i uføret med ulovleg bygging.  

Til toppen