JAMNE UT SKILNADER: Arbeidarpartiet skal vinne valet med å jamne ut forskjellane i samfunnet att, var beskjeden frå fylkesleiar Hilmar Høl. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
JAMNE UT SKILNADER: Arbeidarpartiet skal vinne valet med å jamne ut forskjellane i samfunnet att, var beskjeden frå fylkesleiar Hilmar Høl. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Sjeldan har meir stått på spel enn no

Med eit over 80 år gamalt slagord har Arbeidarpartiet tenkt til å vinne valet.

Årdal: «By og land, hand i hand», var eit slagord som først dukka opp i 1933. No skal det vera sentralt i Arbeidarpartiets kamp mot å vinne Stortingsvalet, varsla fylkesleiaren under årsmøtet til Årdal Ap måndag.

– I 2017 må me mobilisere på nytt. Ulikskapane mellom by og land aukar. Då vil fellesskapet forvitra og landet slå sprekker, sa Hilmar Høl i talen sin til årsmøtet og la til at Ap skulle føre ein moderne distriktspolitikk.

Arbeid som raud tråd

Nettopp sentralisering under dagens regjering var eit viktig tema på årsmøtet. Like viktig i talen til Sogn og Fjordane Ap sin 2. stortingskandidat var kjerneverdiane dei skulle vinne valet med.

– Den raude tråden i Ap sin politikk er arbeid, og det er framleis vårt store prosjekt. Arbeid, moglegheiter og tryggleik for alle. Etter fire år med blåblå regjeringa har me den lågaste sysselsetjinga på 20 år. Samstundes vert det nesten ikkje skapt nye jobbar og byråkratiet veks, hevda han.

– Me skal ha ein politikk som treff kvardagen til folk og ein valkamp som handlar om dei sakene folk er opptekne av. Me skal gi svar for framtida. 2017 blir eit kampår, og sjeldan har meir stått på spel.

Brandsdal held fram som leiar

41 av dei litt over 300 medlemmane i lokalpartiet deltok på møtet, der Marie Helene Hollevik Brandsdal held fram som leiar, men får med seg Siv Bakken som ny nestleiar. 

Elles gjekk dei som vanleg gjennom året som var, både saker dei tok standpunkt i, samt aktivitetar som at dei har starta eit bokprosjekt for å markere at lokallaga er 100 år, samt dei har starta oppussinga av AUF-hytta etter at ungdomslaget har bloma i Årdal og Lærdal. 

Artikkelen held fram under biletet.

JUBILANTAR: Det var svært mange med jubileumsår, der den med lengst teneste av dei som var tilstades var Bjarne Øren (framme t.h.) med sine 60 år, som den einaste. Harald T. Lægreid (ikkje tilstades) hadde 70 år.
JUBILANTAR: Det var svært mange med jubileumsår, der den med lengst teneste av dei som var tilstades var Bjarne Øren (framme t.h.) med sine 60 år, som den einaste. Harald T. Lægreid (ikkje tilstades) hadde 70 år.

I 2017 skulle alt fokus ligge på valet, der dei satsar alt for at deira eigen Hilmar Høl skal koma på Stortinget, men ville også kjempe for meir kvalitet i barnehagane, at barnefattigdom må avviklast, utbygging av DAB i tunellar, utnytting av spillvarme og gang- og sykkelveg mellom Storøyni og Myri i Utladalen for å nemna noko.

Kvelden vart avslutta med at jubilantar fekk si utmerking for lang og tru teneste i partiet. Av dei som var til stades, var det Bjarne Øren som hadde vore med lengst med sine 60 år. 

Til toppen