SKJERPAR KRAVA: Krava for cruiseskip som vil besøkja Geiranger og Nærøyfjorden blir no skjerpa. Det kan bety at dei mest forureinande cruiseskipa ikkje lenger får lov til å segla inn i verdsarvfjordane.
SKJERPAR KRAVA: Krava for cruiseskip som vil besøkja Geiranger og Nærøyfjorden blir no skjerpa. Det kan bety at dei mest forureinande cruiseskipa ikkje lenger får lov til å segla inn i verdsarvfjordane. (Bilde: Kirsten Offerdal/NPK)

Sjøfartsdirektoratet har no fått i oppdrag om å utarbeida strengare krav til cruisenæringa

Om to år blir det innført strengare miljøkrav for cruiseskip som vil besøkja Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, varslar klima- og miljøministeren. 

NPK: Statsråden fortel til Sunnmørsposten at Sjøfartsdirektoratet har fått i oppdrag å utarbeida konkrete tiltak, og at desse truleg er klare til våren.

– Då kan vi setja i verk tiltaka frå 1. januar 2019, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen til avisa.

I tillegg til strengare krav til CO2-utslepp, Nox-utslepp og svovel i eksosen, blir det truleg stramma inn på reglane for utslepp av kloakk og gråvatn (gråvatn er utslepp frå bad og klesvask). I media har det tidlegare vore sett søkjelys på utslepp av kloakk er eit stort problem i Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.

Helgesen reknar med at tiltaka vil føra til at dei mest forureinande cruiseskipa ikkje lenger får besøkja verdsarvfjordane. 

Til toppen