UTSLEPP: Sjøfartsdirektoratet er i gang med ei utgreiing for å kartleggje miljøpåverknaden frå skipstrafikk og cruiseskip i norske fjordar. Foto: Jan Christian Jerving.
UTSLEPP: Sjøfartsdirektoratet er i gang med ei utgreiing for å kartleggje miljøpåverknaden frå skipstrafikk og cruiseskip i norske fjordar. Foto: Jan Christian Jerving.

Sjøfartsdirektoratet skal kartleggja cruise-utslepp

For fyrste gong er det starta ei utgreiing for å kartleggje utslepp og miljøpåverking frå cruiseskip i norske fjordar.

Aurland: Verdsarvkoordinatane for Geirangerfjordområdet og Nærøyfjordområdet har saman med Sjøfartsdirektoratet og Kystverket utarbeidd ei prosjektskisse under namnet «Forvalting av verdsarvfjordane».

I juni fekk Sjøfartsdirektoratet oppdraget frå Klima og miljødepartementet med å setje i verk ei utgreiing for å kartleggje kva miljøpåverking cruiseturisme har i norske fjordar.

Rapport i 2017

Avdelingsdirektør for regelverk og internasjonalt arbeid i Sjøfartsdirektoratet, Bjørn Pedersen fortel at arbeidet starta i juli, og skal halde fram til september.

– Me starta arbeidet med utgreiinga i juli. Undersøkinga går ut på at vertsskip rapporterer inn informasjon til oss. Me kan mykje om korleis skipa fungerer frå før, og me veit mykje om brennstoff og kor mykje dei slepp ut. Men me veit ikkje så mykje om korleis dei opererer i fjordane. Gjennom ei kartlegging av korleis skipa opererer kan me få eit generelt bilete på utslepp og mengd av utslepp, fortel Pedersen.

Sjøfartsdirektoratet kartlegg situasjonen både i Nærøyfjorden, Geirangerfjorden og Aurlandsfjorden.

I tillegg til informasjon frå skipa, hentar Sjøfartsdirektoratet inn data frå ein tysk forskar frå Universitetet i Bonn.

– Me hentar me data frå ein tysk forskar, Dr. Løfler, som målar luftkvaliteten i Geirangerfjorden. Forskaren er inne i eit lengre prosjekt og skal måle luftkvaliteten over 20– 30 år. Det var tilfeldig at me fekk vite om at forskaren var i gang med dette prosjektet. Men gjennom måling av luftkvalitet kan me registrere data fortløpande og sjå dei i lys av eigne resultat, seier Bjørn Pedersen.

Opp til styresmaktene

Han fortel at cruisebåtnæringa er positive til prosjektet. Men seier at det er opp til styresmaktene å vurdere kva tiltak som eventuelt blir sett i verk.

– Utgreiinga vår skal gi eit bilete på utslepp og mengd av utslepp, deretter er det opp til styresmaktene å ta ei vurdering på kva eventuelle tiltak eller regelendringar, seier Pedersen.

Han legg til at internasjonale skip er gode teknisk og at det ikkje er sikkert at miljøpåverknaden er så stor.

– Internasjonale skip er veldig teknisk flinke. Ein skal ikkje sjå vekk frå at sjølve forureininga eller utsleppa ikkje er så store. Men det er aldri gjort ei slik måling før, og det er grunnen til at me no skal kartleggje situasjonen, seier Pedersen.

Inspirasjon frå Alaska

I juni var representantar frå blant anna verdsarvkoordinatane frå Geiranger saman med mellom anna representantar frå Sjøfartsdirektoratet til Glacier Bay i Alaska for å hente inspirasjon frå korleis dei regulerer skipstrafikken for ei berekraftig næring.

Formidlingsleiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv Merete Løvoll Rønneberg Rønneberg var ein av dei som var på inspirasjonstur til Alaska.

– Målsetjinga med reisa til Alaska var å finne inspirasjon for korleis me på best mogleg måte kan regulerer cruiseturisme og båtar, i tillegg vart det fokusert på forvalting av områda og formidling. Det kan vere ein del å lære av Alaska på sikt, men me må ta steg for steg, seier Rønnerberg.

– I Glacier Bay har dei eit system der dei slepp inn eit avgrensa tal på båtar etter ulike berekraft-kriterium. Forskjellen på cruisetrafikken våre verdsarvområde og Glacier Bay er at dei der ikkje går i land, men berre følgjer skipet inn i området og opplever naturen frå båtdekket, fortel ho.

Bjørn Pedersen var òg med til Alaska og fekk innsyn i korleis styresmaktene jobbar i tett samarbeid med næringa.

– Å lære om måten dei arbeider på i Alaska var svært nyttig. Der fekk me sjå korleis lokale styresmakter arbeider med regulering, og ikkje minst korleis styresmaktene samarbeider med næringa, fortel Pedersen.

Han meiner det er mykje å lære av måten dei arbeider på i Alaska.

– Jobben vår er no å kartleggje og så er det opp til styresmaktene å vurdere kva tiltak eller regelendringar dei ønskjer å setje i verk. Og dersom me kan lære noko av korleis andre land gjer det, så bør me det, seier Bjørn Pedersen i Sjøfartsdirektoratet. (©NPK)

Til toppen