REDUSERE FORUREINING: Sjøfartsdirektoratet kom fredag med ein rapport til Klima- og miljødepartementet der dei kjem med konkrete framlegg på tiltak som skal redusere forureining frå cruiseskip og annan skipsfart.​ Foto: Jan Christian Jerving. 
REDUSERE FORUREINING: Sjøfartsdirektoratet kom fredag med ein rapport til Klima- og miljødepartementet der dei kjem med konkrete framlegg på tiltak som skal redusere forureining frå cruiseskip og annan skipsfart.​ Foto: Jan Christian Jerving.  (Foto: Jan Christian Jerving)

Sjøfartsdirektoratet vil redusere forureininga frå cruiseskip i norske fjordar

Sjøfartsdirektoratet kom fredag med ein rapport til Klima- og miljødepartementet der dei kjem med konkrete framlegg på tiltak som skal redusere forureining frå cruiseskip og annan skipsfart.

Aurland: – Eg bestilte denne rapporten i fjor fordi Noreg har eit internasjonalt ansvar for å forvalte verdsarvområda våre. Klima- og miljøvennleg skipsfart er òg eit viktig satsingsområde.

–  Å få ned forureininga frå cruisetrafikken i verdsarvfjordane er viktig for begge desse målsetjingane. Vi vil straks gå i gang med oppfølgingsarbeidet, i nær kontakt med direktoratet og interesser det vedkjem, seier klima- og miljøminister Vidar Helgesen i ei pressemelding.

Sjøfartsdirektoratet har kartlagt miljø-utslepp i områda Geirangerfjorden, Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden. Kartlegginga konkluderer med at utsleppa til sjø er låge og innanfor utsleppskrava, medan utslepp av forureining til luft tidvis overstig grensene for det som kan vere helseskadeleg. Det skjer spesielt i juni, juli og august, då cruisetrafikken er størst.

Blant framlegga frå Sjøfartsdirektoratet til miljøkrav i fjordane, er betre reinsesystem for utslepp frå skip, moglege reduksjonar i talet skipsanløp og fartsavgrensing.

– Dette er konkrete tiltak som både vil verne miljøet i desse enkeltfjordane, og samstundes gjere skip som ferdast over store delar av norskekysten meir miljøvennlege. Inntrykket vårt er at cruiseskipsnæringa og kundane deira oppfattar miljøkrav som ein naturleg og positiv del av verksemda, seier sjøfartsdirektør Olav Akselsen.

(©NPK)

Til toppen