SJØFLY: Sjøflyet på plass i Skjolden for å tilby turar til både cruisepassasjerar og andre turistar.
SJØFLY: Sjøflyet på plass i Skjolden for å tilby turar til både cruisepassasjerar og andre turistar. (Foto: Scandinavian Skies)

Sjøflyselskapet Scandinavian Skies satsar i bygdene

Dei er det einaste sjøflyselskapet i landet og har nyleg starta opp base i Sogndal for å sjå på moglegheitene Sogn har å by på. Sjå galleri nederst i saka.

Sogndal/Skjolden: – Sjøfly er eit veldig fint transportmiddel her på Vestlandet og er som ein taxi i lufta berre at det går mykje raskare enn ein taxi på bakken. Med sjøfly kjem du veldig fort frå a til b, seier Daniel Boden, dagleg leiar i Scandinavian Skies. 

Selskapet blei oppretta i 2016 og hadde sin fyrste sesong i fjor. No vil dei vera meir synlege i bygder som Balestrand, Fjærland og Skjolden. 

Sjå galleri nederst i saka.

Raskt for dei som treng å koma fort fram

– Sogndal har ynskja oss velkomne med opne armar og derifrå tek det ikkje lang tid før me er på plass i bygdene for å tilby tur til både lokale og turistar. 

Frå Sogndal til Skjolden tek det 12 minutt med sjøfly. 

– Det fine med sjøfly er at du kan lande over alt, det einaste du treng er ein fjord eller sjø og ei flytebrygge. Folk set pris på at det går kjapt om dei treng å forflytte seg raskt, seier Boden. 

– Nokre damer stod fast med øydelagde syklar og trengte å koma seg til Solvorn. Det tok fem minutt i lufta.

Vil nå ut til både lokale og turistar 

Dei siste dagane har han vore på plass på Skjolden med sjøflyet for å syna fram det beste av fjord og fjell både til lokale og turistar. 

– Me hadde eit par turar med cruiseturistar og då syner me fram Hurrungane, fjellheimen og fjorden. Det er ganske mektig å ha utsyn over dette ovanfrå. Ei dame som var med på tur sa det var det vakraste ho hadde opplevd i heile sitt liv. Dei fleste tykkjer nok det er spanande å sette seg ombord i eit fly som tek av på vatnet. 

Sjøfly stig ikkje rett opp slik som vanlege fly gjer. 

– Du flyr lågt ganske lenge og så flyr du i same høgde som fossar og folk som går tur i fjellet. Det er ei heilt annan oppleving og dei fleste er svært nøgde med det. På denne fine tida er det veldig vakkert å sjå blå fjord og kvite brear frå flyet. 

Lang tradisjon med sjøfly i landet 

Boden fortel at sjøfly har lang tradisjon i Noreg men etter at helikopter blei vanleg enda bruken av sjøfly. 

– Me er dei einaste som driv på men me meiner det burde bli endå meir av det. Det er trygt og kjapt, om me får motorstopp så kan me lande både på vatn, is, jord og snø. 

Går målretta framover

Han har store planar for selskapet i framtida. 

– Me vil syne fram natur og samstundes vera tilgjengeleg for folk som treng å forflytta seg raskt når det er dårlege tilbod innanfor kollektiv trafikk eller lange avstandar. Mange har sagt dei ynskjer at me skal fly til Trondheim frå Sogndal for det er ein vanskeleg og lang veg, seier han. 

– Eg trur me har mange moglegheiter i framtida. Me byrjar der me er no og så jobbar me oss oppover. Det er viktig for oss å halda på historikken med sjøfly i fylket. 

SJØFLY: Sjøflyet på plass i Skjolden for å tilby turar til både cruisepassasjerar og andre turistar. (Foto: Scandinavian Skies)
FRÅ LUFTA: Utsyn frå lufta. (Foto: Scandinavian Skies)
FRÅ LUFTA: Utsyn frå lufta. (Foto: Scandinavian Skies)
FRÅ LUFTA: Utsyn frå lufta. (Foto: Scandinavian Skies)
FJÆRLAND: Sjøflyet vil vera meir tilgjengeleg i bygdene. (Foto: Scandinavian Skies)
I LUFTA: Å sjå naturen ovanfrå kan vera ei flott oppleving. (Foto: Scandinavian Skies)
FRÅ LUFTA: Utsyn frå lufta. (Foto: Scandinavian Skies)
FRÅ LUFTA: Utsyn frå lufta. (Foto: Scandinavian Skies)
Til toppen