ER NO FJERNA: Preikestolen, som er til høgre bak i biletet, var fjerna då folk kom i Tønjum kyrkje til gudsteneste søndag. Arkivfoto: Jan Christian Jerving
ER NO FJERNA: Preikestolen, som er til høgre bak i biletet, var fjerna då folk kom i Tønjum kyrkje til gudsteneste søndag. Arkivfoto: Jan Christian Jerving

– Sjokkert og irritert over at preikestolen er borte

Då kyrkjelyden kom til gudsteneste søndag var preikestolen i Tønjum kyrkje i Lærdal fjerna. Den ligg no innpakka i plast på eit lager på Lærdalsøyri.

– Eg vart irritert av synet eg fekk då eg kom inn kyrkjedøra. Det gjorde meg ilt å sjå at preikestolen var vekke, seier Hans Hagheim til Porten.no.

Hagheim gjekk av som kyrkjetenar i Tønjum for tre år sidan, etter 40 år i jobben. Han føler avgjersla er teke bak ryggen til folk i bygda utan at dei har fått informasjon eller moglegheit til å uttala seg. 

Artikkelen held fram under biletet

REAGERER: Hans Hagheim, tidlegare kyrkjetenar i Tønjum kyrkje, fortel at fleire samla seg ute på plassen framfor kyrkja etter gudstenesta for å snakke om den forsvunne preikestolen.
REAGERER: Hans Hagheim, tidlegare kyrkjetenar i Tønjum kyrkje, fortel at fleire samla seg ute på plassen framfor kyrkja etter gudstenesta for å snakke om den forsvunne preikestolen.

– Vil ha den attende

– Kva grunnlag har ein for å avgjere at ein preikestol som har stått der sidan 1850-talet skal bort? Eg vart så sint og irritert at eg reiste heimatt etter gudstenesta, fortel Hagheim, som egentleg skulle delta i servering av suppe i prestegarden etter gudstenesta, i lag med fleire eldre i soknet som var spesielt invitert denne søndagen. 

– Me vil ha preikestolen på plass att, seier Hagheim bestemt. 

Artikkelen held fram under biletet

HER ER PREIKESTOLEN: Preikestolen frå Tønjum kyrkje er no lagra på Lærdalsøyri.
HER ER PREIKESTOLEN: Preikestolen frå Tønjum kyrkje er no lagra på Lærdalsøyri.

– Fryktar meir kan forsvinna

Porten.no har også snakka med Inge Raa, som også er sjokkert etter søndagens syn i Tønjum kyrkje. 

– Preikestolen er fjerna utan at nokon har merka det. Dette er heilt utruleg for mange. Under gudtenesta forklarte presten at preikestolen måtte bort på grunn av plassmangel. Det er over 200 sitjepassar og berre ei handfull brukar å koma til messe. Det bør vera rikeleg med plass, seier Raa.

Raa meiner også at bygdefolket på Tønjum og Ljøsne burde vore kontakta i ei så viktig sak som omhandlar deira eige kyrkje. 

– Den stod ikkje i vegen og bør få stå i fred i kyrkja. Me fryktar no at me kan mista meir av inventaret frå kyrkja, seier Raa. 

Artikkelen held fram under biletet

VERNEVERDIG: Tønjum kyrkje er bygd i 1832. Preikestolen vart montert i kyrkja nokre år seinare, fortel Audun Mo.
VERNEVERDIG: Tønjum kyrkje er bygd i 1832. Preikestolen vart montert i kyrkja nokre år seinare, fortel Audun Mo.

– Alt er gjort med god meining

Audun Mo, leiar i kyrkjestyret i Lærdal tykkjer det er synd at folk opplever avgjerda om å fjerna preikestolen slik.

– Alt er gjort med god meining. Kyrkjestyret oppfatta ikkje dette som ei stor sak der det var naudsynt å innkalle til sokneråd for å høyre om folk si meining. Me er audmjuke og lei oss, her har ikkje informasjonen til bygdafolket vore god nok, seier Mo. 

Han forklarar at på bakgrunnen for avgjerda er ei synfaring i 2005, der ein sette opp punkt for kva som måtte gjerast i kyrkjene i kommunen. Det eine punket var at preikestolen var for stor i Tønjum kyrkje og at den burde bli teken ut fordi ein ikkje fekk den aktiviteten som ein ønskte fremst i kyrkja. I 2013 vart det gjort eit samrøystes vedtak av kyrkjestyret om å fjerne preikestolen, for å gi rom og byggje opp under ei levande kyrkje. Saka vart teke opp med biskopen i Bjørgvin og Riksantikvaren, som i 2014 gav si godkjenning. 

Artikkelen held fram under biletet

VIL LYTTA: Audun Mo, leiar i kyrkjestyret i Lærdal tykkjer engasjementet for kyrkja og preikestolen er positivt. Han fortel det er mogleg å gjera om på vedtaket som fekk preikestolen fjerna.
VIL LYTTA: Audun Mo, leiar i kyrkjestyret i Lærdal tykkjer engasjementet for kyrkja og preikestolen er positivt. Han fortel det er mogleg å gjera om på vedtaket som fekk preikestolen fjerna.

Positivt med engasjement for kyrkja

– Kva skjer no vidare?

– Me vil lytta og gjere det som er best for folk og for kyrkja. Bygda etterlyser soknemøte slik at dei blir høyrt. Det er det ingeting i vegen for å ha om folk ønskjer det. Det kjennest også godt at folk engasjerer seg. Eg synest det er positivt at kyrkja betyr mykje for folk. Dette er ikkje ei prinsippsak for oss og me kan gjera om på vedtaket, fortel Mo.

Han legg til at folk kan kjenne seg trygge på at ikkje fleire ting blir fjerna frå kyrkja utan at bygdafolket er involvert i avgjerda. 

– Me har lært av denne saka, seier Mo. 

Til toppen