– KVA ER KVA?: Gunn Beate Sjøthun (Sp) og Kåre Mentz Lysen (Ap) etterlyste ein tabell med forklaringar, slik at det er mogleg å forstå endringane i investeringsbudsjettet for 2015, noko rådmann Alf Olsen jr. ikkje hadde problem med å sjå. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
– KVA ER KVA?: Gunn Beate Sjøthun (Sp) og Kåre Mentz Lysen (Ap) etterlyste ein tabell med forklaringar, slik at det er mogleg å forstå endringane i investeringsbudsjettet for 2015, noko rådmann Alf Olsen jr. ikkje hadde problem med å sjå. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

Sjølv dei folkevalde sleit med å forstå tala

– Framstillinga er heilt gresk for meg, seier Kåre Mentz Lysne (Ap). Også Gunn Beate Sjøthun (Sp) seier ho vil framstå som like dum.

Lærdal: Budsjettreguleringa av investeringar for 2015 var oppe til handsaming i formannskapet torsdag. Tre kolonner synte ei oversikt over rekneskap, budsjett og kva som er nedbudsjettert i 2015. 

Ønskte ein betre oversikt

– Det kunne vore sett opp i ein tabell, slik at det kjem fram kva prosjekt som er sett i gang, under planlegging og kva som er status på dei ulike investeringane. Kanskje er det fordi eg er ny, men desse tre kolonnene seier meg lite, seier Lysne. 

Også Sjøthun sa ho lurte på mykje det same, og peika på at ein ikkje berre kan vedta utan å forstå. 

Trond Øyen Einemo (H), lurte også på korleis en skal klare å bruka 1.6 millionar på taket på aldersheimen etter vasslekkasjen, slik notatet syner, då han ikkje kan sjå at det skjer noko der borte. 

– Me er midt i desember, legg han til. 

– Dette må me gjera betre

Rådmann Alf Olsen jr. ser heilt klart at administrasjonen her har eit forbetringspotensiale, og forklarar at det som er nedbudsjettert er prosjekt som ikkje har starta opp. 

– Hovudpoenget er jo at de forstår det. Dette må me gjera betre, seier han og legg til at arbeidet med taket på aldersheimen er i gang og er fakturert, i tillegg til at dei vil få ein gjennomgang av stoda om kort tid. 

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp), la til at det blir ein grundigare gjennomgang av investeringsbudsjettet på nyåret, og at oversikten også burde syne kven som har ansvaret for gjennomføringane. 

Formannskapet gjekk samrøystes inn for tilrådinga til rådmannen, om at Lærdal kommune tek opp lån til investeringar i 2015 på vel sju millionar kroner, med merknaden om ei tydelegare statusrapportering på investeringar. Saka skal også opp i kommunestyret. 

Til toppen