Sjølvportrett i ulike variantar

I kunst- og handverkstimane i år har elevane i 10. klasse ved Lærdalsøyri skule jobba med sjølvportrett på ulike måtar.

– Året starta med å ta portrettfoto. Resultata etter mange timars intens jobbing gjennom heile skuleåret er fargerike portrett, fantasifulle datamanipulasjonar, og flotte metallarbeider, fortel Ida Rudningen, kunst- og handverkslærar ved Lærdalsøyri skule. 

Kreative og ivrige elevar

Oppgåva elevane fekk bestod i fleire delar, med det overordna tema sjølvportrett.

Elevane jobba med ulike problemstillingar som både organiske former, former som er mjuke, runde og feminine, og geometriske former, som er rette, kantete og maskuline. Foto og skisser er vidare jobba med i bilderedigeringsprogram på data. Då er det lett å leike seg med form og farge, elevane lagde nye spennande komposisjonar av seg sjølve.

Ei av skissene dei teikna vart også utgangspunkt for eit metallarbeid der dei jobba med kaldbøying og gasslodding av metallstenger. Dei sette saman tjukke og tynne metallstenger, slik at det til slutt vart eit portrett, noko som var tidkrevande arbeid med krav om å både vera nøyaktig og konsentrert. 

Viktig med estetiske fag

– Alle elevane har stått på og jobba i timane, og mange har også jobba i både friminutt og på kveldstid for å komme i mål med oppgåvene, seier Rudningen.

Både ho og læraren Inger Kari Selsås er svært nøgd og stolte over elevane og alt dei har fått til i år.

– Me brenn begge for kunst og handverksfaget i skulen. Den siste tida har dei estetiske faga vore nedprioriterte. Me tykkjer det er viktig at elevane får bryne seg på praktiske oppgåver og ikkje berre jobbe med teorifag, fortel ho. 

Til toppen