SAMARBEID: Sandra Opheim (MDG) er ny varaordførar i Årdal kommune. Arild Ingar Lægreid (Ap) får halde fram som ordførar etter det blei klart at Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne bestemte seg for å samarbeide. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
SAMARBEID: Sandra Opheim (MDG) er ny varaordførar i Årdal kommune. Arild Ingar Lægreid (Ap) får halde fram som ordførar etter det blei klart at Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne bestemte seg for å samarbeide. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

– Sjølvsagt trekk me ikkje lodd om kven me skal i forhandlingar med

Sandra Opheim (MDG) er glad for at ho valte å trekka kven Miljøpartiet skulle gå i sonderingsmøte med først fordi det viser kor opne dei var.

Årdal: Torsdag annonserte Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne eit samarbeid i politikken for dei neste fire åra. 

På pressekonferansen på ordførarens kontor fortalte Opheim at ho lot sonen Brage (5) trekka kven Miljøpartiet skulle gå i sonderingsmøtet med først av Arbeidarpartiet og Senterpartiet. 

Dette har så blitt mistolka dit at folk trur loddtrekkinga avgjorde kva parti MDG skulle forhandla med og samarbeida med, noko også riksmedia har plukka opp.

Trakk ikkje lodd om forhandlingspartner

Dette er heilt feil, seier ho til Porten.no og utdjupar.

– Sjølvsagt trekk me ikkje lodd om kven me skal gå i forhandlingar med. Det var basert på heilt andre ting enn loddtrekking. Me trekte lodd om kven me skulle ha sonderingsmøte med først. Begge partar (Sp og Ap journ. anm.) var opptekne av kven me skulle snakka med først.

Les også: MDG og Ap skal samarbeida dei neste fire åra

– Me var opptekne av ikkje å gje eit signal om at her var noko bestemt på førehand. Me ville vera opne om det. Difor valte eg å lata Brage trekka, og det er eg veldig glad for fordi det viste kor ope det var, seier Opheim.

Ikkje interessert i tidlege forhandlingar

I og med at Miljøpartiet havna på vippen, var både Sp og Ap interessert i forhandlingar fordi dette ville gi eit av partia fleirtal i kommunestyret og også ordførarposisjonen. Sonderingsmøta føregjekk på tysdag, først med Ap og rett etter Sp.

– Me var veldig klare på at me ikkje var interessert i forhandlingar der. Dei fortalte kva dei tenkte om valet og kva dei såg føre seg framover, men me var tydelege på at me ikkje ville gå i forhandlingar, fortel Opheim vidare.

– Når me bestemte oss for å gå i forhandlingar med Ap, var det basert på at me kom med eit innlegg til Ap etter sonderingsmøta. Me hadde bestemt oss for å gje dei moglegheit til å koma i forhandling med oss først, og det var ikkje loddtrekking som avgjorde det, understrekar ho.

– Ap er størst

Opheim forklarar vidare at etter som dei fekk gjennomslag for alle sakene hjå Ap, så inngjekk dei samarbeid med dei. Ho legg også vekt på at Ap er det største partiet i Årdal med 44,8 prosent av røystene.

Varaordføraren føler sjølv at prosessen var veldig ryddig, der dei etter sonderingsmøte med både Sp og Ap, kontakta sistnemnde og kom med sine innspel onsdag. Torsdag returnerte Ap sitt svar før det endeleg vart klart rundt lunsjtider same dag.

Les også: Kampen om ordførarvervet er i gong

– Me møtte Sp berre den eine gongen, men eg var veldig tydeleg på og sa i sonderingsmøtet at uansett kven me vel, så kjem me til å orientera begge partar. Aleksander (Øren Heen journ. anm.) var informert om dette heilevegen om kva eg gjorde. Eg har spelt med opne kort i heile den prosessen.

Avviser kritikk

Ho avviser også kritikken som verserer i sosiale medium som går på at Miljøpartiet burde respektera ønsket om eit skifte i Årdal og at Heen fekk fleire personstemmer enn Arild Ingar Lægreid (Ap).

– Ap er det største partiet. Aleksander har fått mange personstemmer, og det viser kor populær han er i Årdal. Det er jo kjekt det, men me kan ikkje gå til forhandlingar med Sp fordi Aleksander er populær. Me skjønte at me kom til å få gjennomslag i begge leirar, så det som avgjorde var at Ap var størst.

Til toppen