NYANSE: Glenn Erik Flåten i Unge Høgre etterlyser fleire nyansar i klimadebatten.
NYANSE: Glenn Erik Flåten i Unge Høgre etterlyser fleire nyansar i klimadebatten. (Foto: Pressefoto)

MEININGAR

«Sjølvsagt ynskjer me at energien vår skal koma frå fornybare kjelder, men det skjer ikkje over natta»

– Verda og økonomien er totalt avhengige av fossilt brennstoff, skriv Glenn Erik Flåten frå Unge Høgre.

Meiningar: Klima- og miljøsaka dominerer nyheitsbiletet i stadig større grad. Apokalyptikarar og klimafornektarar lever i kvar sine ekkokammer.

Det blir vanskelegare for alle å følgja med, og utspel som overdriv eller bagatelliserer gir ikkje rom for sunn skepsis og diskusjon. Dette skadar og avgrensar debatten.

Om me er bevisste på at mykje av innhaldet i media baserer seg på alternative fakta og dogmatiske preiker, so kan me ta debatten eitt steg vidare og sjå på korleis me har løyst utfordringar tidlegare, og kva me kan gjera no. Det trengst ein meir nyansert debatt, framfor den no trivialiserte, snevre sorten.

Avhengige av fossile brennstoff

I januar var mikrofonar og linser retta mot det årlege møtet i verdas økonomiske forum i Davos, Sveits. Som ein av deltakarane kravde Greta Thunberg at dei rikare landa i verda straks kjem seg ned på eit null-utsleppsnivå. Det openlyse problemet med dette kravet er at verda og økonomien er totalt avhengige av fossilt brennstoff.

For å få ned utsleppa samtidig som me ikkje stansar utviklinga, må me tenkja nytt.

Sjølvsagt ynskjer me at energien vår skal koma frå fornybare kjelder, men det skjer ikkje over natta. Me lyt faktisk ta omsyn til at det er marknadsøkonomien som har gitt oss dagens velferd.

Ei so viktig sak som klima kan me aldri la bli verktøyet til historielause grupper som ynskjer å finna opp att sosialismen på nytt.

Klimaendringane er reelle

I den andre faunaen er klimafornektarar ein florerande art. Med lite respekt for den vitskaplege metoden stemplar dei seriøs og strevsam forsking som den store klimabløffen. I tillegg kjem enkelte av dei med personangrep mot Greta, sjølv om ho ikkje har gjort dei noko. Kva har skjedd med prinsippet vårt om å gå etter sak og ikkje person?

Unge Høgre står fast ved at klimaendringane utan tvil er reelle, og at dei skapar massive utfordringar for oss menneske. For å få ned utsleppa samtidig som me ikkje stansar utviklinga, må me tenkja nytt.

I menneska si historie har det vore nytenking og innovasjon som har løyst dei store utfordringane. Verken vitskapleg fakta eller historiebøker blir tekne omsyn til i klimadebatten. Dette ser me på som ei absolutt nødvendigheit for å kunna løysa ei av dei store utfordringane i vår tid.

Til toppen