BETRE TIDER: Fjøratrenar Knut Almås har tru på opprykk etter kveldens siger. Her eit ampert øyeblikk frå fjorårets nedrykkssesong.
BETRE TIDER: Fjøratrenar Knut Almås har tru på opprykk etter kveldens siger. Her eit ampert øyeblikk frå fjorårets nedrykkssesong. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Trenaren om opprykkssjansane: – Gjer me jobben, så greier me dette

Fjøra med stø opprykkskurs etter ny siger.

Skavøypoll-Fjøra: 1-3

Kveldens 3-1 siger mot Skavøypoll gjer at Fjøra leiar Kretsligaen med sju poeng tre rundar før slutt. Den gode målforskjellen gjer at to poeng truleg er nok til å sikra opprykket til 3. divisjon.

– Me føler me har eit godt utgangspunkt. Gjer me jobben, så greier me dette. Men eg har vore med så lenge i fotballen, at eg veit det du ikkje skal tenka lenger enn neste kamp. Det er ikkje lurt å ta noko på forskot, seier trenar Knut Almås.

– Ekkel kamp

Mathias Hovland skåra det første rett før pause. Skavøypoll utlikna rett etter sidebyte, men to kjappe av Malvin Gjerde det siste kvarteret sikra tre poeng. Fortent, meiner trenaren.

– Me fører heile vegen og vinn sjansestatistikken klart. Men det er samstundes ein ekkel kamp, for når dei får dødballar så stablar dei opp og sler langt. Dermed blir det mykje duellar innanfor sekstenmeteren vår, utan at dei skapar det heilt store, seier Almås.

Sist Fjøra var oppe i 3. divisjon i 2017 enda det med direkte nedrykk. Blir det eit gjensyn med nivået over, trur Almås dei skal bita godt ifrå seg. Spesielt om dei får ei god sesongførebuing.

MÅL: Nicolai Laberg skåra sitt andre mål for sesongen mot Eid, men det var ikkje nok til å få med seg poeng heim. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Me må sikkert fort ha inn ein to-tre forsterkingar i stallen, det må me nok. Men no er det ein del av desse som har erfaring frå å vera oppe sist. Me har ein solid spelestil og ein god treninskultur, så eg trur me har eit godt fundament å bygga vidare på, seier Almås.

Tap for Årdal

Fleire andre lag frå Indre Sogn har òg vore i aksjon i kveld. Kaupanger slo Vik 1-0 etter mål av Torjus Halse, og er med det på skothold til medalje. Fire poeng er det opp til Eid på fjerde, som i kveld slo Årdal 2-1 på heimebane.

Nicolai Laberg skåra frå årdølene, som ligg midt på tabellen før serieinnspurten.

Stryn sørga med 5-2 siger over Studentspretten for at det er ein viss spaning rundt kven som rykker opp frå divisjonen. Sju poeng er det opp til Fjøra.

 
Til toppen