SJØMAT SOM KONTAKT: Johs. B. Thue og sonen Eirik Thue har skrive boka «Gryta i fjorden, Kulturhistorisk matbok» og skal fortelja om bytehandelen mellom havbygdene og fjorddistrikta når Kystlaget samlast på Kaupanger søndag. Foto: Jan Christian Jerving.
SJØMAT SOM KONTAKT: Johs. B. Thue og sonen Eirik Thue har skrive boka «Gryta i fjorden, Kulturhistorisk matbok» og skal fortelja om bytehandelen mellom havbygdene og fjorddistrikta når Kystlaget samlast på Kaupanger søndag. Foto: Jan Christian Jerving.

Sjømat som kontakt mellom kyst- og fjordbygder​

Det er eitt av tema som vert tatt opp når Indre Sogn Kystlag samlast søndag. 

Kaupanger: Noko av det som er tapt i Sogn dei siste ti-åra, krinsar kring det nære sambandet mellom havbygdene og fjorddistrikta. Dette sambandet, som var basert på varebytet fisk mot poteter og frukt, skapte den samhandlande regionen Sogn.

Dette er noko av det som skal snakkast om når Kystlaget samlast søndag på Sogn Fjordmuseum. Her kjem Johs. B. Thue og sonen Eirik Thue til å vere på plass. Samanhar dei skrive boka «Gryta i fjorden. Kulturhistorisk matbok». 

– Me vil fortelja korleis denne bytehandelen fungerte og blei eit kontakt- og kulturpunkt. Også på det personlege planet blei det utvikla nær kontakt og nært venskap, som kunne vara gjennom generasjonar.

Nesten kvar gard i Midtre og Indre Sogn hadde sin «havmann», som dei sa. På kysten kunne det stå fruktfat med eple og pære frå Slinde og Solvorn. Sulingane henta potetene sine inne i fjordane.

– I vår tid, med ei nærmast eksplosiv interesse for lokalmat, er det eit spørsmål og denne gamle handelen kan finna nye former eller om indresogningar og kystfolk berre møtest på matmesser i Bergen.

– Kanskje kan til og med det gamle og nydelege festmålet på kysten, brosme med rømmegraut og flatbrød til, bli mat som indresogningar skattar og set pris på. 

Til toppen