Lefser med norsk fisk. 
Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix / NPK
Lefser med norsk fisk. Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix / NPK (Bilde: Lien, Kyrre)

Sju av ti vil eta lokal mat på noregsferie

 Sju av ti nordmenn meiner det er viktig å eta lokal mat når dei er på ferie i Noreg, ifølgje ei ny undersøking frå Matmerk.

I den same undersøkinga blei folk spurde om kor lett dei synest det er å finna den lokale maten.

– Berre 29 prosent av oss synest lokalmat er lett å finna, og då har vi ein veg å gå for å tilfredsstilla den lokalmatsvoltne turisten, seier administrerande direktør Nina Sundqvist i Matmerk.

Stiftinga arbeider for å styrkja omdømmet til norske matprodusentar hos norske forbrukarar.

I undersøkinga svarar 17 prosent at det er svært viktig for dei å eta lokal mat når dei er på ferie i Noreg. 51 prosent seier at det er «noe viktig». 22 prosent meiner at det ikkje er viktig, mens 8 prosent svarar at dei ikkje har noko oppfatning om saka. 2 prosent svarar at dei aldri ferierer i Noreg.

(©NPK)

Til toppen