LÆRDØLER OM VALET: Her er tre av personane Porten.no snakka med før kommunevalet. Grethe Kleppe (f.v), Hans Tore Grøndal og Torbjørg Takle. Foto/montasje: Ina Eirin Eliassen
LÆRDØLER OM VALET: Her er tre av personane Porten.no snakka med før kommunevalet. Grethe Kleppe (f.v), Hans Tore Grøndal og Torbjørg Takle. Foto/montasje: Ina Eirin Eliassen

Sju lærdøler om kommunevalet

Porten.no har snakka med lærdøler for å høyre kva saker som er viktige for dei, før dei skal gå til valurnene å røyse inn den nye ordføraren og det nye kommunestyret. 

Porten.no fann desse lærdølene i sentrum av Lærdalsøyri, på butikken på Ljøsne og butikken på Borgund. Kvar av dei fekk spørsmål om kva saker som dei er opptekne av og tykkjer er viktige no før kommunevalet. 

 

Kåre Solheim er pensjonist og bur på Ljøsne.
Foto: Ina Eirin Eliassen

Kåre Solheim (68)

– Ein bør stemma på ein person som ein meiner vil gjera den beste jobben for kommunens tilsette. Det er viktig at me har politikarar som er opptekne av det som skjer lokalt. Under kommuneval meiner eg ein bør røysta etter person, ikkje parti. 

 

 

 

Marianne Voldum jobbar innan barnevern og bur på Borgund. 
​Foto: Ina Eirin Eliassen

Marianne Voldum (50)

– Det er viktig å få utvikling på Håbakken, slik at ein skapar nye arbeidsplassar og ikkje berre flyttar på dei. Når det gjeld skulestruktur er det viktig for meg at ein opprettheld alle tre skulene i kommunen. Om det blir beslutta å legge ned ein av dei, må ein sikre dei minste i heile kommunen slik at dei ikkje får så lang reiseveg. Med det meiner eg at ein må oppretthalde 1. til 4. klasse, SFO og barnehage. Når det gjeld eldreomsorg og no når folk skal då bu heime så lenge som råd, er de viktig at heile kommunen får eit godt og likt tilbod. Om folk ikkje lenger kan bu heime, må ein sikre plassar på sjukeheimen slik at dei får eit godt og verdig tilbod.

 

Magnar Johnsen er pensjonist og bur på Sviggum. 
​Foto: Ina Eirin Eliassen

Magnar Johnsen (69)

– Eg håpar me får behalde same styret i fire år til. Truleg vil Arbeidarpartiet gjera det godt under årets val, men eg vil behalde Jan Geir Solheim (Sp) som ordførar, han har vore dyktig og eg trur han vil gjera ein god jobb framover. Eg har ikkje mykje negativt å seie. Eg er nøgd med heile kommunestyret, dei kan få sitta ein periode til. 

 

 

 

Kjell Ove Gram er snikkar og bur på Borgund. 
​Foto: Ina Eirin Eliassen

Kjell Ove Gram (51)

– For meg er det viktig at me får behalde dei tilboda som er her på Borgund. Det gjeld spesielt barnehage og skule.  Eg er onkel til to stykk, og eg vil at dei skal få gå på skulen her på Borgund. 

 

 

 

 

 

 

Grethe Kleppe er butikkeigar av Nærbutikken på Borgund.
​Foto: Ina Eirin Eliassen

Grethe Kleppe (61)

– Det er viktig at me får behalde skule og barnehagen på Borgund, i tillegg at me får att bassenget. Eg ønsker meg fleire kundar i butikken og at me får behalda det me har her på Borgund, slik at også folk kan tenke seg å flytta hit. 

 

 

 

​Hans Tore Grøndal er tømrar og bur på Lærdalsøyri.
Foto: Ina Eirin Eliassen

Hans Tore Grøndal (52)

– Eigedomsskatt på bustader er viktig, det er eg imot. Elles er det å oppretthalde det me har av servicetilbod. Eg tykkjer styret som har vore er bra, og eg trur ikkje det blir store endringar i den neste perioden. I lokalpolitikken handlar det om personane som stiller til val, dei må jo uansett ha med seg andre parti. Eg trur me må sjå på kommunesamanslåing, eller me har jo ikkje noko val no som staten har bestemt seg. 

– Kva alternativ ser du då på som det beste?

– Eg trur samanslåing mellom Årdal, Lærdal og Aurland er stort nok.  

 

​Torbjørg Takle er pensjonist og bur på Lærdalsøyri. Porten.no snakka med ho medan ho sat i frisørstolen.
Foto: Ina Eirin Eliassen

Torbjørg Takle (77) 

– Er ikkje så oppteken av partipolitikk under val i små kommunar. Det er viktigare at me røyster inn personar som veit kommunens ve og vel. Det som blir viktig for valet eg tek er nokon som jobbar for at flest moglege tilbod blir i Lærdal. At me får behalda sjukehuset, politi, brannvesen og lokal beredskap. Utan lokal kunnskap, hadde det sett løye på på Øyri. Når det gjeld flyktningar er eg ikkje motstandar av å hjelpe folk i naud, men me må ha noko å by dei. Eit gamalt ordtak seier «Lediggang er rota til alt ilt.», det tykkjer eg er sant. Om me skal ta dei til Lærdal må me kunne by dei ein jobb. 

Til toppen