Jostedalen: Norsk brefestival er eit arrangement av Jostedalen bygdelag. Det strekker seg over fire dagar, frå fredag til måndag.
Små og store kan delta i varierte aktivitetar som klatring, ski, kajakk, breturar og historiske vandringar i Jostedalen.

På laurdag var det arrangert rafting i Jostedøla frå Jostedalen Camping og nedover mot Høgebrui. For dei minste var det høve til å gå naturstien frå Breheimssenteret og inn i skogen. Ungane kunne vere med på hesteridning, grilling og leiking.
Lina Øygard Reksten seier til Porten.no at det var om lag 20 born som deltok på arrangementet i skogen.
– Det var også arrangert to breturar på søndag. Den eine for barn og den andre for ungdommar, seier Reksten.
Bada i Nigardsbrevatnet
Bygdelaget kunne også lokke med eit friskare bad i brevatnet framfor Nigardsbreen. Her er det berre dei tøffaste som let seg freiste.
Reksten seier det var sju damer som bada i brevatnet.
– Det var ingen menn som våga seg uti, så det vart litt damegreie. Men det var plass til berre sju i badestampen, så det passa veldig godt legg Reksten til.
Badinga i Nigardsbrevatnet vart med det suksess.
– Etterpå fekk isbadarane nyte bål og varm badestamp, avsluttar Reksten.