MANGLAR: Ettersom Aurland manglar fast stasjonert ambulanse har sjuke cruisepassasjerar ved fleire høve måtte venta heile tre kvarter denne sommaren. Arkivfoto
MANGLAR: Ettersom Aurland manglar fast stasjonert ambulanse har sjuke cruisepassasjerar ved fleire høve måtte venta heile tre kvarter denne sommaren. Arkivfoto (Foto: Jan Christian Jerving)

Sjuke cruisepassasjerar må stadig venta på ambulanse 

Hamnesjefen i Aurland fryktar det endar med at liv går tapt.

– I sommar har det vore mykje, og innimellom har me til og med opplevd fleire oppdrag på same dag, seier hamnesjef i Aurland, John Erik Johnsen til Aurlendingen.

Bygdeavisa omtalar  i oktoberutgåva dei mange utrykningane ambulansane har i samband med cruiseanløpa i Flåm. Hovudsakleg er det snakk om ambulansebilar, men ved visse høve også luftambulanse.

– Mykje hjarteinfarkt og hjernebløding

Johnsen fortel det ofte er snakk om tilstandar der det står om liv og død:

– Heile spekteret, men mykje hjarteinfarkt og hjernebløding. Alvorlege sjukdomstilfeller som krev snøgg hjelp, noko som ikkje alltid er så lett, seier Johnsen.

Les også: Fryktar kronikarar blir salderingspost

Ved eit høve venta pasienten halvannan time før hjelpa kom.

– Det fanst ikkje ledig ambulanse i området, og det enda med av vikja-ambulansen vart omdirrigert til Flåm etter avslutta oppdrag til Voss sjukehus.  Slik er diverre responstida då me ikkje har ambulanse i eigen kommune. Me forklarar årsaka til ventinga så godt me kan til dei involverte, og dei klandrar ikkje oss. Spesielt i tilfelle med hjarte og slagtilfelle, som me har hatt fleire av, kjennest ventetida problematisk, seier Johnsen.

For i tillegg til dette spesielle tilfelle har det ved fleire høve gått 45 minuttar før sjukepersonellet er på plass. Johnsen fortel til Aurlendingen det ikkje har gått liv tapt, men at han fryktar det vil skje. 

Har prøvd å få på plass ambulanse sommarstid 

– Eg trur det er eit tidsspørsmål før det skjer. Elles er skipa utrusta med sjukestove og helsepersonell som yter assistanse på og ved skipa,

Cruisepassasjerane har ein rimeleg høg snittalder og ettersom Aurland ikkje har fast stasjonert ambulanse er det gjort forsøk på å få ein fast ambulanse i kommunen gjennom sommarsesongen. Dette grunna dei store mengdene turistar som vitjar kommunen, derav ein tredel er cruiseturistar.

Helse Førde har ikkje funne det naudsynt med ei slik ordning, i følgje Aurlendingen.

– Det er ei sak som bør vurderast på nytt. Døma på at det er behov for dette bør etterkvart vere mange nok, seier John Erik Johnsen til bygdeavisa.

Til toppen