Sjur var yngstemann i motbakkeløpet​

Sjur Kaardal Hunderi på åtte månader var yngstemann som deltok i motbakkeløpet Vangane Opp. Sjå bilete frå løpet.

Lærdal: Motbakkeløpet markerte laurdag starten på friidrettssesongen i Lærdal, der først og fremst barn og unge fekk testa løpsferdigheitene sine i motbakke.

Dette var åttande gongen Vangane Opp vart arrangert, der 17 barn og unge sprang på tid. Yngstemann var åtte månader gamle Sjur Kaardal Hunderi, som kom seg til topps i bereselen til mor. 

På toppen venta det grill og pølser for deltakarane. Løpet er i regi med Barnas Turlag, og omtrent hundre personar fann vegen til Øvre Vangane denne dagen. 

Raskaste løpar i år var Knut Blaaflat Evjestad på tida 6:07 minutt, etterfulgt av Margrethe Einemo med tida 6:13 min og Vegard Ytri Horge på 6:26 minutt. 

– Etter det kom det løparar på rekke og rad. Fleire forbetra tida si frå i fjor og alle som sprang på tid fekk ein velfortjent medalje etter målgang, fortel Bjørghild Holien i friidrettsgruppa til Lærdal IL.

Til toppen