TRENG HJELP: Mundalsfjellstøylen er ein flott gamal støl i enden av Mundalsdalen i Fjærland, omlag fem kilometer frå sentrum. Foto: Google Maps.
TRENG HJELP: Mundalsfjellstøylen er ein flott gamal støl i enden av Mundalsdalen i Fjærland, omlag fem kilometer frå sentrum. Foto: Google Maps.

Skada turist berga ned frå fjellet

Røde Kors måtte hjelpe mannleg turist som hadde skada foten i Fjærland.

Fjærland: Like etter klokka fire i dag ettermiddag fekk politiet melding om at ein skada turist måtte ha hjelp ned frå Mundalsfjellstølen i Fjærland.

Røde Kors og helsepersonell vart sett inn for å få henta ut og tatt hand om den skadde. 

– Vedkomande er ein fire hundre meter over over havet og har skada seg i ein fot, fortalte Magne Falleide ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt i Florø.

Rundt 19.30 kan Helse Førde opplyse at mannen er komen trygt ned igjen og er lettare skadd. 

Til toppen