E16: Ein mann vart henta med luftambulanse etter ei arbeidsulykke på E16 Tyinkrysset torsdag ettermiddag. Illustasjonsfoto
E16: Ein mann vart henta med luftambulanse etter ei arbeidsulykke på E16 Tyinkrysset torsdag ettermiddag. Illustasjonsfoto

Skadd i arbeidsulykke

Ein mann i 40-åra er frakta til sjukehus etter ei arbeidsulykke på E16 Tyinkrysset torsdag ettermiddag. 

Ulykka skjedde då eit bruelement losna frå ei heisekran og fall ned på foten til mannen. Det opplyser Vestoppland politikammer til Avisa Valdres. 

Mannen vart sendt til Ullevål med luftambulanse etter hendinga. 

Til toppen