LITE FOLK: Ivan Øy og Årdal har berre tolv mann på blokka før den viktige kampen mot Stryn fredag. – Det er typisk, seier Årdal-trenaren.
LITE FOLK: Ivan Øy og Årdal har berre tolv mann på blokka før den viktige kampen mot Stryn fredag. – Det er typisk, seier Årdal-trenaren. (Foto: Arkiv)

Skadekrise før toppkampen: – Det er typisk

Då Årdal-trenar Ivan Øy tel opp troppen før den viktige kampen mot Stryn, har han akkurat nok folk til å stilla lag.

Årdal: – Me har tolv spelarar på lista no, men tre av dei er tvilsomme. Dei skal testast no.

Det sa Øy til Porten.no før han gjekk ut på grasmatta for å leia treninga før den siste kampen i vårsesongen. Etter møtet med Stryn fredag kveld, tek lokalfotballen sommarferie.

Serieleiaren har seks poeng ned til årdølene på 4. plass. Tre poeng her vil difor bety mykje for laget frå industribygda når dei skal ta fatt på haustsesongen i august.

– Litt småkrise

Men når trenarapparatet tel opp mannskapet før treninga torsdag, så treng dei knapt to hender. I løpet av kort tid har Årdal mista fem-seks spelarar til skade og jobb.

– Det er faktisk litt småkrise. Dette kjem veldig ubeleilig. Hadde me fått nokon til å stå for dei som skal jobba, hadde det hjelpt, men det er vanskeleg i desse ferietider. Me er ein liten tropp frå før, og når me får forfall på fem-seks mann, merkast det, seier Øy.

– Det er typisk. Eg vil påstå at dette er den viktigaste kampen for sesongen. No har me sjansen til å korta ned forspranget til Stryn og Vik og halde tritt med Sogndal 2. Tapar me denne, blir det tøffare til hausten.

Har slete mot kyniske lag

Etter det som har vore ein litt overraskande svak start på vårsesongen, står årdølene med fire sigrar på dei fem siste. Tre poeng mot Stryn vil dermed bety svært mykje.

– Me har ikkje vore budde til å møte dei laga me har avgitt poeng mot i vår. Dette er lag som er hardtarbeidande og kyniske, der me styrer kampane, men greier ikkje å bryta gjennom. Det er overgangsspel som me er gode på. 

– Kampane mot Dale, Vik, Skavøypoll og Tornado Måløy er fire like kampar. Når me derimot spelar mot dei beste laga, får me spela ein anna type fotball. Vårsesongen har vore prega av at me har stilt med ein del ulike startellevar fordi folk er vekke. Dette er kampen me kjem til å merka det mest, seier Årdal-trenaren.

Må kanskje på spelarjakt

Sjølv om lokalfotballen no tek ferie denne helga, kan det godt vere at klubben må ut på spelarjakt. Til hausten kan fire spelarar forsvinna på skule. Eit stort plaster på såret er det at Truls Hovland er tilbake.

– Me må prøva å få fylt opp att troppen. No er me nede på smertegrensa.

– Korleis skal de få til det?

– Det er eit godt spørsmål. Per dags dato er det ingen me kan hente opp. Det er kanskje ein som er aktuell, men me let han få spele gutefotball. Då må me kanskje ut av bygda. Kanskje Sogndal har nokon dei kan avsjå. Kanskje me må høyre med spelarar som har lagt opp om dei vil returnere. 

PS! Sogndal 2 skal i aksjon måndag. Dei møter Dale borte. Sogndal 2 ligg på 3. plass i Kretsligaen, eitt poeng føre Årdal med 18 poeng. Vik og Stryn toppar tabellen med 23 poeng.

Til toppen