TIME-OUT: Trenar Katalin Karlsen snakkar til laget i 2.omgang.
TIME-OUT: Trenar Katalin Karlsen snakkar til laget i 2.omgang. (Foto: Sunniva Knutsen)

Skadeprega Jotun tapte på heimebane

Det seier trener Katalin Karlsen etter kampen som enda 14-28 til gjestane NHHI.

Årdal: Det var ein sterk motstandar som vitja Årdalshallen sundag, i den fjerde siste kampen for sesongen. 

Damene frå NHHI (Norges handelshøyskoles idrettsforening) stilte med fullt lag. Det gjorde ikkje heimelaget, då mange spelarar er ute med skade. 

– Me manglar åtte spelarar som er ute grunna skade og sjukdom, og nokre er på jobb, så målet vårt i dag var å fullføra kampen utan å pådra oss nye skader og berre nyta handballen, seier Karlsen. 

Tre kampar att

Handballldamene skal spele kamp i morgon òg, då borte mot Gloppen IL. Då har dei med seg litt fleire spelarar, opplyser trenaren. 

– Eg håpar damene speler ein god kamp, og nyter handballen. Me skal sjølvsagt prøve så godt me kan, og har mål om å vinna, seier Karlsen. 

Det gjenstår tre kampar av sesongen i 3.divisjon. I morgon møter Jotun Gloppen IL borte. Så møter dei Stryn borte 23. mars, og til slutt ventar bortekamp mot Kjøkkelsvik 30. mars. 

Lag Jotun (mål): 

Vibeke Vigdal Øren,  Ine Myrland,  Linn Luggene,  Stine Kauppi Straumsheim (2), Susanne Myrland (4), Maren Haakonsen Einstabland (3), Nina Jevnaker (1), og Hilde Midtun, (3)

Lag NHHI (mål): 

Lise Victoria Utsogn Malz, Charlotte Schwaiger (3), Emma Ofosua Addo (7), Trine Kvingedal (9), Emilie Felde (1), Gyrid Abelgård Berntsen (1), Camilla Barth, Hanne Henjum Asperheim, Solfrid Moe (5), Anniken Kjos Bråthen, Kristine Heggø. 

Dommarar var Erik Koopmans og Magnus Ødven, og det var 25 tilskodarar på tribuna.

Til toppen