KNUSTE: To ruter er knuste og må skiftast ut. Den eine ruta står framleis synleg knust, medan den andre er tildekt (heilt til venstre i biletet) Foto: Ole Ramshus Sælthun
KNUSTE: To ruter er knuste og må skiftast ut. Den eine ruta står framleis synleg knust, medan den andre er tildekt (heilt til venstre i biletet) Foto: Ole Ramshus Sælthun

Skadeverk på ungdomshuset

Politiet ønskjer tips i saka.

Årdal: – Det er knust to ruter og gjort forsøk på å opna døra, noko som ikkje har vore vellukka, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Skadeverket har skjedd på Farnes Ungdomshus i Øvre Årdal. Politiet har gjort sine undersøkjingar på staden fredag morgon.

– Dugnadsansvarlege oppdaga dette torsdag og det var folk i huset tysdag. Så skadeverket må ha vorte utførd i dette tidsrommet. Me er svært interesserte i å koma i kontakt med folk som kan ha opplysningar i saka, seier Knudsen.

Kan få rydda opp i minnelegheit

Han fortel vidare at dei ikkje veit noko om kven som står bak, men at om nokon skull sitja med dårleg samvit i høve skadeverket vil det bli ordna opp i saka på minneleg vis - om desse tek kontakt med politiet.

– Det er berre å ta kontak med oss, så får me ordna opp med huseigar.

Dei to knuste rutene er på baksida av huset og ein ser det såleis ikkje frå Storevegen.

INNBROT: Forsøket på å bryta opp døra har ikkje vore vellukka, men dørhandtaket må skiftast.
INNBROT: Forsøket på å bryta opp døra har ikkje vore vellukka, men dørhandtaket må skiftast.

– Men dette er eit hus med jamleg tilsyn, difor vart det altså oppdaga så me kan seia det må ha skjedd mellom tysdag og torsdag.

– Har vedkomande som står bak kome seg inn?

– Ingenting tyder på det.

– Kor store sakadar er det snakk om?

– To vindauge samt eit dørhandtak må skiftast.

Til toppen